Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, mars 29, 2006

Ferdig med mattetentamen!!

No er det gjort, no er det ferdig. Eg er heilt ferdig med min siste tentamen i 2MX. Det føles i grunn ganske bra! Eg trudde det skulle gå mykje dårlegare, men faktisk så gjekk det ganske bra og eg fekk til mykje meir enn eg trudde eg ville gjere. Det er så artig når eg får til oppgåver eg veit eg ikkje hadde klart dagen før. Takk Gud for det!

Akkurat no er eg berre så utruleg glad for at det gjekk så fint!
Men gjorde det eigentleg det...?
Det får tida vise. Kanskje blir det 4, kanskje blir det 5.
Eg er i alle fall fornøgd og det er det viktigaste.

Det var nesten eit lite dikt, det. Men litt poesi må ein vel få lov til å trykkje inn i ein kvardag fylt med matte og fysikk.

Eg kunne ønskje mattetentamen var på ein fredag, for då hadde eg ikkje berre vore ferdig med tentamen, men med heile veka. Desverre er det onsdag og eg skal på jobb, må levere inn fysikkrapportar og øve til gymprøve. Difor kan eg ikkje slappe av i dag som eg hadde tenkt å gjere. Synd. Ein annan grunn til at eg kunne ønskje det var fredag er fordi eg gler meg sånn til helga. Eg skal nemleg til Bergen på UKM + at det skal vere bad-taste-pary her på Sygna + ein ting anna som ikkje er så vesentleg i grunn.

Så... Takk for meg, mattetentamen! Det var kjekt så lenge det varte.

onsdag, mars 22, 2006

Vinter, IGJEN!!!

I dag vakna eg og då eg vakna var det snø.

EG TRUR DET KLIKKAR FOR MEG!!

Dette hatar eg:
  1. Snø
  2. Gruppearbeid
  3. Lettsalta torsk
  4. Å vere svolten
  5. Gruppearbeid
  6. Gruppearbeid
  7. Gruppearbeid
  8. SNØ!!!
  9. Gruppearbeid når eg er svolten og det snør ute

Drittdag... Eg er våt på føtne.

tirsdag, mars 21, 2006

Ei fantastisk helg!!

No er det offisielt: Sygnabakken er bar!! Det går an å gå ned utan å risikere liv og helse og andre tekniske gjenstandar ein har i lommene. Heilt fantastisk rett og slett.

Helga var heilt konge. Sygnakoret var på korturnè på austlandet, nærare bestemt Larvik, Oslo, Spydeberg og Svinesund. Vi sang ganske så bra og fekk masse skryt. Etter ein konsert høyrte vi på eit opptak og det var overraskande bra :) Eg var både dirigent, pianist og songar (ikkje på ein gong), og det var kjekt med litt variasjon. Høgdepunktet var nok då vi sang "Du løfter meg opp" i misjonssalen. Folk var heilt med og smilte og klappa. Herrlich :) I tillegg gjekk det bra når eg og to andre skulle synge eit parti trestemt. Eg trudde det skulle gå heilt forferdeleg, men Gud var med og godt var det!

Elles fekk eg den første 6-aren i heile andreklasse :D:D:D Det var altså i samfunnslære. Eg hadde så lyst til å skrike og hyle og hive eit eller anna i veggen, men eg sat berre og smilte for meg sjølv. Det var ein god start på dagen!

No skal vi ha dobbeltime tysk. Herlighet, dei timane er så dryge!!!

PS: Eg var i Svinesund utan å kjøpe noko anna enn tyggis for 100 kr! INGEN TING SNOP!!

onsdag, mars 15, 2006

Nydelege sogn

I dag var Sogn heilt nydeleg. Det var skidag på skulen og eg og nokre andre gjekk opp på ein topp som heiter Klokkshaug. Var det slit å gå opp? Ja, men når eg først var oppe var det så fint :) Det var ikkje ei einaste sky på himmelen. Heilt fantastisk. I tillegg følte eg meg bra når eg hadde trent. Alt i alt ein fin føremiddag.

Men då vi kom ned att var det ikkje så bra. Eg skulle eigentleg øve på historieprøve, men det gadd eg ikkje. Eg er lat.

No diskuterer eg og Runar nynorsk. Han er berre dum.

Etterpå skal eg lese histore. Jaaaaaaaaa... Det kjem til å bli noko av. Herlighet, så lat eg er. Jaja.

Gud er god :)

tirsdag, mars 14, 2006

Vår? Vår! Vår? Vår...?

I dag skin sola og det har den gjort nokre dagar no. Det synes eg er heilt fantastisk deilig. Sjølvsagt er det synd at vi sit inne på skulen når det er sol, men viss ein har slauretime så kan ein berre sitje og sjå utover fjorden og Guds frie nydelege natur. Det er så nasjonalromantisk at :) Eg håpar våren har komen for å bli. 17. mai bør blir ein fin dag her i Balestrand.

Asfalten er forresten litt tørr :) Isen har byrja åsmelte!

Kva kan eg sei om livet mitt for tida? Jo, eg har byrja eit nytt og betre liv. Snop, kake og brus har blitt kutta ut og treninga er trappa opp. I går sprang Stine, Åshild og meg 3000 m berre for å sjå korleis vi låg an. Vi låg særs dårleg an, og intrevalltrening må til! Fleire gonger i veka! Dette er ikkje noko vi berre har planlagt, dette er dønn seriøst og vil blir gjennomført!!

Off.. Eg og Runar er så tragiske begge to. Vi er like patetiske og desperate. Enno godt at vi kan le av oss sjølv :) "Han der skal eg gifta meg med, Runar!!" "Å SE på det bilde!"
Jaja.

Rom for hugleik!

I går hadde eg og Martine ein avtale om at vi skulle gjere lekser frå klokka 20.00 til 22.00. Ingen av oss klarte å gjennomføre det. Eg såg film med Arve og Martine åt snop medan Kari såg på. I dag gjer vi eit nytt forsøk på å ta igjen alle leksene. Korleis kjem til det til å gå?

Elles er det ikkje noko særleg nytt. Jo. Eg fekk 5/6 på kjemiprøven :D:D:D

torsdag, mars 09, 2006

Utan snop i 2 månadar!

For tja.. 3 dagar sidan gjekk eg og ei venninne inn ein avtale om å ikkje ete noko godt fram til 17. mai. Her er lista over kva vi ikkje kan ete:
  1. Snop
  2. Sjokolade
  3. Kjeks
  4. Brus
  5. Kake

Kan du tenkje deg? Eg! Astrid! Eg skal ikkje ete dette på to månader. Det er ein ganske sjuk tanke, og du som kjennar meg lurar kanskje på korleis eg skal klare dette her. Vel, viss eg bryt avtalen må eg betale 300 kr og det er noko eg helst ikkje vil gjere, så difor må eg berre halde meg borte frå søte saker. Til no har det fakisk gått veldig fint. Kiwi og tyggis har vore til god hjelp. Forresten var det ideelt å ta blodprøve no når eg har godtefri for då hadde eg jo ikkje så høgt blodsukker og med det litan fare for å ha/få diabetes. Prima :)

No skal eg øve fysikk. Vi skal ha fysikkprvøve i morgon og eg er redd for å stryke. Tenkt på det at eg fakitsk kan stryke! Eg vil ikkje stryke, difor må eg øve. Runar har ein fysikkprøve igjen på skulkekvoten sin så difor kan det hende at han ikkje tar prøven i morgon og det blir surt for då kan eg stryke og han sleppe unna med heile prøven. Det skal ikkje vere lett.. Men men. Stafett er stafett, fysikkprøve er fysikkprøve.

Eller er vel den store nyhenda i livet mitt at eg skal dirigere ein song i koret. Det er ufatteleg skummelt for eg har aldri gjort noko sånt før, så det er litt sånn skrekkblanda fryd!! Ikkje bare skal eg dirigere, men det er foran 500 folk i Oslo òg! Men det kan bli ein god erfaring og eg gler meg sjølv om eg kjem til å bli pissnervøs. Det verste er eigentleg at da kan alle 500 sitje og sjå på rompa mi sidan eg står den vegen, og sidan eg hatar rumpa mi gruar eg meg til dette. Men men. Vi satsar på at eg kan gå med skjørt.

Fysikk neste!

Eg vil ha vår.

tirsdag, mars 07, 2006

Nasjonalromantikken

No sit eg altså her på datarommet og har prosjekt om nasjonalromantikken, og som du kanskje forstår får eg ikkje gjort noko særleg. Eg har skrive nokre stikkord, men noko meir gidd eg ikkje. Norsk er ikkje avgangsfag så eg kan få 2 i norsk utan at det blir nokon som helst krise. Det er eigentleg ganske deilig å tenkje på, så difor drit eg i dette prosjektet og skriv heller blogg. Eigentleg likar eg nasjonalromantikken ganske godt, for eg er ganske nasjonalromantisk av meg, men eg gidd ikkje jobbe. Rett og slett

I dag har eg kjemiprøve, og i går skulle eg og Magne øve. Det vart ikkje så alt for effektivt. Eller, det begynte ganske bra med at vi las og stilte spørsmål, men etter kvart vart vi avleia av Asgeir. Han skulle nemleg ta sjegget, og då fann Magne ut at han skulle klippe seg. Eg klipte Magne, og då det var gjort var kjemien heilt gløymd, og vi bestemte oss for å sjå ein historisk film i staden for saman med Thomas. Så mykje kjemiøving vart det ikkje. Jaja. Sånt skjer.

Eigentleg skulle eg til legen i dag for å sjekke om eg har øyrebetennelse, men det vart det ikkje noko av for eg vil ikkje ha fråver.

Dritt.. No vart eg busta på å ikkje jobbe. Sånt skjer.

mandag, mars 06, 2006

Den endelege oppdateringa!

Etter mykje "mas" har eg no bestemt meg for å oppdatere bloggen min. Det er to grunnar til at eg ikkje har oppdatert bloggen min oftare:

  1. Eg har hatt det vannvittig travelt i det siste
  2. Eg hadde nesten gløymt at eg har ein blogg

Men no er oppdateringa her, og den må skje raskt for no har eg snart kjemitime!

Skule ja.. Det er eigentleg berre det livet eg har no. Skule skule skule. Lekser lekser lekser. Prøver prøver prøver. Eg synes nesten litt synd på meg sjølv. Runar stakkar har blitt sjuk pga alt presset og ligg med høg feber og mistar masse muskelmasse. Det er måndag, men eg lengtar allereie etter helga.

Var russerevy i helga! Eg vart indirekte parodiert på sånn nynorskting, og eg fekk to sistat i russeavisa. Konge :D Russerevyen var kanskje ikkje verdas beste, den var heller litt dårleg, men den funka no.

Elles då? Ikkje mykje.. Vinterferien gjekk med på å slappe av, gjere lekser og vere med div vener. Og så var eg på Kongshaug ja. Det var heilt konge :D Rett og slett heilt fabelaktiv. Møtte masse folk, fekk vere forsangar på ei gudsteneste, og sist men ikkje minst JOHANNE!!! Blir nok fleire turar ned dit i løpet av våren ja!

No ringte det og eg må gå!