Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

torsdag, august 31, 2006

Første korøving

I går hadde eg min debut som kordirigent, eller korleiar om du vil. Eg var mildt sagt pissnervøs før øvinga, men faktisk gjekk det utruleg bra! Folk høyrte etter, og vi fekk øvd inn ein heil song. Mange tenkjer kanskje at det var lite, men til å vere Sygnakoret er ein heil song ganske mykje. I ferien sat eg og skreiv ned nokre mål eg ville oppnå med koret, og eitt av dei var å ha så lite notar som mogleg. Songen dei lærte i går "Jeg vil leve i lyset" vart øvd inn utan tekst og utan notar, og det funka bra. Eg har ein teori om at viss ein lærer ting utanboks hugsar ein det betre, og det blir lettare å synge med hjarta. Høyrtes ikkje det bra ut?;)


Du lurar kanskje på kva det øverste biletet er for noko. Jo, det er eit nydeleg bilete frå festen vi russen lagde til førsteklassingane. Situasjonen er at dei som står på stolane skulle skrive ord med rumpa, og vi som sto nede skulle gjette kva dei skreiv. Til dei som er i tvil er det eg som står i hjørnet til venstre og får all blitzen på meg. Eg berre nemner at vi vann :)


Til dei som ikkje veit det er Immanuel det eigentlege namnet på Sygnakoret, og dette biletet her viser ein liten del av sopranen. Bra gjeng :)

I dag har eg hatt tre fritimar, eg er inne i den siste no. Fritimane har eg brukt på å sjå instruksjonsfilmar for direksjon. Eg har med andre ord sett på ein middels tjukk mann i ei alt for lita korkappe som veivar febrilsk med armane. Ei lita stund prøvde eg å dirigere med, men etter eg fann ut at eg såg litt dum ut her på datarommet slutta eg med det. Seinare i dag skal eg sikkert trene litt, gjere lekser og slappa av. Eg er litt sliten, eg søv jo så dårleg for tida.

onsdag, august 30, 2006

Insomnia

I dag kjennest det ut som om eg har insomnia. Eg har jo ikkje insomnia, så eigentleg kan eg ikkje sei at eg veit korleis det kjennest ut, men det kan vere det er litt sånn som eg har det i dag. Ja, eg er kjempetrøytt. Eigentleg har ikkje nokon god grunn til å skulle vere så trøytt eg er. Eg la meg om lag 00.30, sto opp til frukost frå 8.15 til 8.30 og gjekk etterpå tilbake til rommet og sov til kl 10.00. Kvar onsdag har eg alltid fri dei to første timane, og eg plar sove til kl 10, men sidan eg gløymte å lage mat i går kveld måtte eg stå opp til frukost.

I det siste har eg gått så utruleg masse i søvne. Det har skjedd dei merkelegaste ting i det site. I natt vakna eg opp med ein heilt annan pysj enn den eg la meg med. For eit par år sidan var stordomstida mi når det gjeld klesbytting om natta, og eg trudde eg var over dette, men den gong ei. No er klesbyttinga tilbake igjen! Her om dagen fann eg ut at eg kunne trekkje ut senga slik at den vart om lag halvparten så brei som vanlege senger. Dette var jo både koseleg og kjekt, men sidan eg eg berre har vanlege mandrassar, ligg mandrassane litt som ein fartsdump, men det er ganske behageleg. Det som ikkje var så behagaleg var når eg vakna opp ei natt, for då hadde eg sette meg fast mellom madrassa og senge"ryggen". Eg låg der bom fast! Eg måtte vrikke meg laus nett som ein makk når den byrjar å tørke, viss du veit korleis det ser ut. (Elles fekk eg eit tips om å skrive om den gongen eg dansa balett i søvne, og den gongen eg vart dytta ut av senga av den elles så uskyldige Stine, meine Freundin. Og ikkje berre dytta ho meg ut, ho skreik i tillegg: "Gå planken og hopp i havet!". Dette var forreten den sommaren vi nesten vart lurt til å kjøpe ein ponni. Kanskje var det eit hint om at ho ville ha ponnien for seg sjølv? Ponnien heitte Argon.)

Her er ein definisjon på insomnia: (den står på det eksotiske språket engelsk, så viss du har problem med å forstå det skal eg heller prøve å oversetje.)

Insomnia is too little or poor-quality sleep caused by one or more of the following:
Trouble falling asleep
Waking up a lot during the night with trouble returning to sleep
Waking up too early in the morning
Having un-refreshing sleep (not feeling well rested), even after sleeping 7 to 8 hours at night
Insomnia can cause problems during the day, such as excessive sleepiness, fatigue, trouble thinking clearly or staying focused, or feeling depressed or irritable. It is not defined by the number of hours you sleep every night. Although the amount of sleep a person needs varies, most people need between 7 and 8 hours of sleep a night.

Elles kan eg meddele at eg hatar fysikk. H-A-T-A-R!!!

Det var eit eller anna viktig eg skulle skrive i bloggen, men no har eg gløymt det. It must be the insomnia!

Jo, eg har sitte no ei god stund og lest om veterinærstudiet. Det virkar grådig interessant! Det å skulle søke på studiet har alltid vore så fjernt for meg, men no er det absolutt ikkje så lenge til eg skal søkje, og det skremmar meg litt i grunn. Om eg skal søkje i år eller til neste år veit eg ikkje, men dei karakterane eg får i år vil uansett bli dei eg skal søkje med så eg må jobbe jobbe jobbe!

I stad bestilte eg ei bok med tips for kordirigentar om korleis ein kan gjere øvingane gøye og sånt. Første korøvnga er i dag. Eg gruar meg. Eg er spent. Hjelpe meg...

søndag, august 27, 2006

Ultrainnhaldsrik veke!

Ja, no skal eg oppdatere bloggen min. Er ei stund sidan sist dette skjedde, så no fann eg ut at det var litt på tide med eit nytt innlegg.

No er altså ei veke med Sygna ferdig, og eg trur eg har funne på like mykje denne veka som vi gjorde i heile 2.klasse! For å nemne noko har eg vore 4 gongar på tur i fjellet, bada to gonger (eine gongen høgst ufrivillig. Det kallast å bli kasta på fjorden), ete pizza i Høyanger, ete pizza hjå Mjelstad, sett 2 filmar, gjort alle leksene vi har fått og ikkje skulka ein einaste time! Eg er ganske nøgd med dette her :) Travelt, men får tida til å gå! Eigentleg er dette hemmeleg, men eg har altså blitt valt til å vere redaktør i russeavisa. Tjohei! Trur det blir kjekt :) Neste veke startar eg opp koret òg. Vi skal byrje med den kjente, kjære barnesongen "Jeg vil leve i lyset". Blir kjekt det òg!

Nett no sit eg og ventar på ein leksepartner som skal gjere norsklekse med meg. Norsklekser er noko eg er veldig flink til å utsetje, men denne gongen skal eg for ein gongs skuld vere førebudd til timen. No først skal eg bestille russekle. Tenk på det! Eg skal ikkje kjøpe noko særleg mykje, berre ei russebukse. Har no så mange kle frå før av, så..

Forresten har eg klart meg ganske lenge utan snop no! Glad for det ja :)

Dette var berre ei lita oppdatering, kunne skrive så mykje meir, men her er det full fres døgnet rundt (brannalarmen gjekk i natt), så vi får ta utdjupinga litt på sikt.

Håpar alle har det bra!

fredag, august 18, 2006

Ny data!

No skriv eg rett og slett mitt første innlegg på den nye dataen min! Dataen skulle eigentleg ikkje kome før mandag, men no viste det seg at den kom likevel. Glede! Rein glede!
Har eigentleg lyst til å forske litt meir på denne nydelege saken her, men eg må gå og vaske og pakke rommet, for eg skal jo opp att til Sygna i morgon. Eg gler meg veldig til å sjå alle att :)
Ha ein nydeleg dag alle saman!




Og Gud, han er god!

tirsdag, august 15, 2006

Feren går mot slutten

Ja, no er eg då inne i siste veka med ferie. Denne veka skal eg jobbe to dagar, pakke, vaske, og så er det opp att til Sogn. Ferien har gått utruleg fort, og eg har ikkje fått slappa av halvparten så mykje eg håpa på, men sånn vart det no og det må eg berre leve med.

Frå torsdag til søndag førre veke var eg i Oslo, noko som var heilt fantastisk kjekt. Var der saman med nokre vener og nøyt ferien og livet. Etter ein haust med mykje sjukdom og andre ting å stri med, har ferien vore ein ja, travel, men god opptur. Eigentleg skulle eg ikkje til Oslo, for dei eg reiste med skulle berre dit for å reise på Brannkamp, men så var det visse faktorar som gjorde at avgjerdsla om å reise falt naturleg inn. Alt i alt, ei heilt konge helg!

Eg må forresten få gratulere mi kjære venninne, Johanne, med bestått teoriprøve til billappen! *Klapp klapp klapp*
I går var eg og ho i Bergen og feira bursdagen hennar og at ho sto på teorien. Vi såg Pirates of the Carrebian (veit ikkje korleis det stavas), og det var ein overraskande bra film! Morosam var den òg. Forresten har eg vore ganske mykje på kino i sommar. Eg er veldig fan av lister, og her kjem ei liste over filmane eg har sett på kino i sommar:
  • Mission impossible III
  • Istid 2
  • Miami Vice
  • The Breakup
  • Pirates of the Carrebean

Her er ei liste over filmar eg har lyst til å sjå på kino:

  • Sannheten om Rødhette

Eg og Stine skal på IKEA på fredag, så kanskje vi stikk innom kinoen då? Det hadde vore kjekt, men eg har lite pengar for tida og må difor *trommevirvel* prioritere. Det er noko eg ikkje er så flink til.

Det er ein ting eg er litt frustrert/sint over, og det er kor lite eg har fått solt meg i sommar. Eg hadde dei planane om å liggje ute i mange timar. Du lurar kanskje på kvifor eg ikkje har gjort dette? Jo, det er to grunnar til dette. Vi slår oss laus og lagar ei liste til:

  • Det er regn... når eg har fri
  • Det er sol... når eg er på jobb

Eigentleg skulle det ikkje vere mogleg å bomme så mykje på vakter og vêr, men det har eg altså klart. På grunn av dette har eg investert i eit solpass. Det er eit slags kontantkort for solarium der du får heile 20% ekstra sol for pengane. Det er berre å bøye seg i støvet, for eit tilbod! Ja, den siste setninga var ganske ironisk.

Nok klaging! Livet er i grunn flott. Eg har til og med trent i dag! Ikkje dårleg det. Litt god gammaldags intervalltrening gjer susen. Forresten fekk eg strekk i leggen, noko som var veldig ubehageleg, men som gjekk over utan at eg fekk varige mèn. Tjohei!

No har eg lemus i overleppa. Spanande.

Eg gler meg til å kome tilbake til internatlivet! Ferien har øydelagt dei sosiale antennene mine, men no er dei klare for restaurering.

tirsdag, august 08, 2006

Forsinka

Eg skal altså ha den kvite...


Det er så mykje som er forsinka i livet mitt for tida. Her er ei lita liste over ting som kjem eller er for seint:

  1. MacBooken min
  2. Ipoden pappa har bestilt som har fekk gratis med dataen min
  3. Svaret frå Martin Egil (inspektør på Sygna)
  4. Min telefon til tannlegen

Ja, det var vel det. Eg bestilte MacBook her om dagen, og den skulle kome i løpet av 3 dagar, men no visar det seg at den ikkje kjem før den 21. august, og då har eg jo komen tilbake til Sygna! Eg blir så arg.. Men no er eg på ein måte litt innstilt på at den blir sein, så då går det bra. Ingen ting av det eg bestiller på nettet kjem jo ikkje til rett tid, helst eit par mnd for seint. Eg har i grunn hatt ganske dårlege erfaringar med netthandel. H&M gå og legg dykk!

No sit eg på jobb, og har sitte her akkurat 31 minutt. Til no har eg opna sju skap. Enno har det ikkje komen nokre telefonar, men eg ventar i spenning. No fekk eg faktisk eit jobboppdrag. Eg skal lage journalmappar! Yess!

Planar vidare for ferien er først og fremst tur til Oslo på torsdag, om berre to dagar :) Det ser eg veldig fram til av ulike grunnar. Det er uansett kjekt å få kome seg litt ut. Utanom denne turen vil det nok gå mykje i pakking til eg skal tilbake til Sygna. Rommet må vaskast, klea må vere reine osb. Men eg ser verkeleg fram til å kome tilbake til Sygna! Greitt, det blir stress med realfag og kor, men utfordringar er ikkje negativt. Det blir nok mange erfaringar eg kan vekse på.

No må eg jobba litt vidare!