Eg vil òg ha ny blogg!

Her er lista over mine nyårsforsett, litt prega av Stine sin humor når ho blir overtrøytt:
Astrid sine:
- Godtefri frå 1. Januar og fram til sommaren
- Trene meir
- Jobbe jamt med skulen
- Klare å stå opp og dusje før skulen byrjar
- Spare meir
- Få til ein dritbra korturnè
- Få sommarjobb
- Vere snill med venane mine
- Besøkje Ragnhild Sofie
- Ikkje kjøpe så mange par sko
- Ikkje få dårlegare enn 4 på vitnemålet
- Ikkje rangle så mykje før skuledagane
- Ikkje bli sjuk
- Sole meg masse!!!
- Gå oftare på fjellet/ i Saurdalen
- Skal prøve å motstå freistinga å byrje på folkedans, eller alternativet etnisk dans
- Prøve å mostå freistinga å byrje i Balestrand songlag
- Innsjå at 80-tals musikk er dårleg/ eventuelt uverdig til å kallast musikk(hjartleg helsing Stine)
- Knekke alle cd-ane med 80-tals musikk, og slette dei frå dataen
- Huske å ta på meg klede om sumaren...
- ...og spesielt om vinteren, og når det er kaldt
- Takle utfordringar som fotbad
- Ikkje rote meg bort
- Slutte å klatre med sugekoppar på vidauget til lærarane (spesielt i lunsjen)
- Slutte å fotfølge tilsyn i Mission Impossible- stil
- Ikkje gå med skidrakt i mai, eller andre månader

2 Comments:
At 8:53 p.m.,
Stine Elise said…
Deg har eg ikkje sett på lenge:)
Lyst å sende nyttårs forsetta mine til meg ein eller anna gong om ikkje så veldig lenge?
klemmer
At 3:59 p.m.,
Daniel said…
Det ser ut til at du nå står ovenfor en rekke litt kompliserte utfordringer. Men hvem liker vel ikke utfordringer??
Stå på.. Jaja, Johanne, Martha Berit, Lene, May-Linn og Mari K har inngått en avtale om å være snopefri et helt år. Helt til Johanne sprakk i går kl. 16.45 etter å ha spist en toffifii.. De skulle ikke mer enn 5 dager..
Legg inn en kommentar
<< Home