Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

fredag, desember 08, 2006

Profil: Sygnabertene

Ja, kva er Sygnabertene? Jo, det er ei songgruppe eg er med i på Sygna. Det var i grunn ikkje planlagt at vi skulle heite dette, men sånn vart det visst. Bagrunnen for namnet er slik: Eg og to av medlemma skulle syngje på eit møte, og så spurte Håvard ungdomsarbeidar kva han skulle skrive på plakaten. Eg sa ironisk "Sygnabertene", og etterpå har vi berre blitt heitande Sygnabertene. Det er ikkje lenge sidan vi vart utvida frå tre til fire medlemmar, noko som er veldig kjekt :) Så, kven består Sygnabertene av?

Sygnabertene består av:

Meg, sopran, oppdragstakar.


Karen Marit Meisingset. Ho er den einaste i gruppa som klarar å ta andrestemme på sparken. Alt i alt hadde ikkje alt gått like bra utan ho.


Eline Sagvik. Sygnaberta med finast særpreg på stemma. Ho blir ofte tvinga til å syngje solo på første vers, og det er ei utfordring ho ofte tar og alltid taklar bra.


Hege Johanne Pedersen, til venstre. Ho har den finaste altstemma og er ein rev på å lære nye songar fort. Veldig fort!

Og sist men IKKJE minst har vi vår kjære kjære pianist: Magnus Mjelstad aka Sygnabert/ Moses.


Vi utvidar stadig vårt repetoarie, men er vi i tvil om kva vi skal syngje kan vi alltid stole på jazzversjonen av "Dette lille lyset mitt", som på ein måte har blitt kjenningsmelodien til Sygnabertene og Sygnabert.

PS: Vi skal leggje ut på verdsturnè hausten 2007.


Og så tatt heilt ut av samanhengen, eit herleg bilete frå Roma. PS: Underbuksa var ny og ubruk.

3 Comments:

  • At 9:56 a.m., Blogger Åshild said…

    E dåke skikkelig berter, og ka innebære i såfall det? Og ka innebære det å være en bert? Har han bart? Har han ei berte? Er han borte?

     
  • At 3:07 p.m., Blogger Astrid said…

    Han har ikkje bart og har faktisk berte, nemleg Eline. Kva det er å vere ei sygnaberte? Jo, vi set ordet berte inn i eit nytt perspektiv. Ein kan synge på bedehuset og samstudes vere kul. Det er ei sygnaberte!

     
  • At 4:17 p.m., Blogger Fred Støyva said…

    Hei Astrid! Lenge sidan sist! Korleis går det med pianospelinga? Eg kosar meg i Oslo iallefall...

    Du får få med deg noken til konserten i Tjugum på tysdag... :) eg skal prøve å spele med koret (hakje tid til å øva!) Dessutan trur eg eg skal spela eit stykkje eg har skreve sjølv...

    Du får kosa deg vidare på Sygna...

     

Legg inn en kommentar

<< Home