Vyrde vener! God jol!
For meg er eitt av høgdepunkta på julafta å gå i kyrkja. Eg tykkjer det er så fredeleg og trygt. Presten hadde som vanleg jule-rappen sin, der vi måtte sei juleevangeliet med rørsler. Alltid ein hit det der. Elles var det mykje bra song og mange kjente.
Julemiddagen var heilt utruleg god. Har ikkje ete pinnekjøt på om lag eit år no, og det var jammen meg verd ventinga. Heilt heilt fantastisk!
Pakkestunda var inga stor hending, for eg visste alt eg fekk (eg var med og kjøpte det), så den gjekk fort over.
Etterpå vart det ville tilstander hjå familien Bjørke, då eg foreslo at vi skulle leike ordleikar. Trur aldri vi har ledd så mykje i dette huser før. JA TIL TØRR HUMOR!!
På eitt av bileta ser vi sekundet etter at mamma presterte å slå meg hardt i hovdet. Det var ikkje med vilje. Eg sto berre på feil plass til feil tid. Mamma skulle nemleg få niesa mi til å byrje å le under ein fotosession. Ho klarte det, men kanskje ikkje med dei midla ho hadde tenkt..






1 Comments:
At 6:32 a.m.,
Anonym said…
I will not approve on it. I think precise post. Especially the designation attracted me to be familiar with the unscathed story.
Legg inn en kommentar
<< Home