Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

lørdag, desember 23, 2006

Dagen før dagen

Lille julafta. Glede. Eller, det er i alle fall lille julafta. Julestemning har ikkje vore til stades på fleire år, men jul blir det vel uansett. Vi pynta juletre. Det var jo overkommeleg koseleg då.
I dag har eg berre låge i senga og sett på film i håp om å bli frisk. Kjøpte siste julegåva og masse smågodt som var på bilbod etter første filmen.
Elles håpar eg at eg finn ei strømpebukse eg kan bruke i morgon og at eg ikkje ser så alt for trøytt ut sidan vi sikkert skal ta mange bilete i løpet av dagen.

Så... God jul alle saman! Eller god Jesusfeiring, for det er jo det det eigentleg er. Forresten, det er ganske rart, for dette er gjerne tida på året der Jesus kjem lengst bak i bakleksa, og det burde vel eigentleg ikkje vere sånn.