Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, januar 10, 2007

NB!!! NY BLOGG!!! NY BLOGG!!!

Eg har fått meg ny blogg, så no folkens, er det berre å setje i gang med å redigere linkane dykkar. Takk for merksemda, det var kjekt med denne bloggen så lenge det varte:)



Trykk på overskrifta eller gå inn på



http://astrrid.blogspot.com















Benkpress!

Eg er dødssterk, eg er det! Eller kanskje ikkje. Uansett, i går var det test i benkpress i gymmen. Eigentleg skulle vi ha trent ganske mykje til denne testen. Eg har tatt benkprett to gonger: på styrketesten i fjor, og på styrketesten i år. Difor var det sikkert eit ganske artig syn for dei som såg meg ta benkpress, for stanga som eigentleg skal vere vassrett, hella litt mot loddrett. Uansett, testen gjekk betre enn forventa, den gjekk ikkje superbra, men betre enn forventa :)

I dag er eg heilt øydelagt i armane, og resten av kroppen forsåvidt, men det burde eg eigentleg ikkje vere for eg har jo ikkje trent noko utanom akkurat den benkpresstensten. Meeeeeen men! Kan vel ikkje forvente noko anna når eg er i så elendig form. Men kva er nye år til? Joda, nye moglegheiter. Det at eg skal kome i god form passar kanskje ikkje så godt med eit av mine nyaste nyttårsforsett: Eg skal ikkje trene viss eg ikkje har lyst. Kanksje må eg endre litt på det nyttårsforsettet, for eg har aldri lyst til å trene. Eller kanskje eg får meir lyst etter kvart. Uansett, benkpress er overkommeleg!

mandag, januar 08, 2007

ZzZzZz.. Eldre.. ZzZzZz.. Historie..ZzZzZz

Direkte inne frå ein time i eldre historie her på Sygna. Kanskje ikkje det mest spanande som finst, men historie er visstnok veldig viktig. Men faktisk, uansett kva lærar eg har hatt (eg har hatt tre ulike) tykkjer eg at historie er heilt grusomt. Berre sånn at de er klar over det.

Forresten, eg klarte berre å ha godtefri i 5 dagar. Eg sprakk den 5. januar, høgst frivilleg. Eg kjøpte faktisk sjokolade sjølv, det var ingen som frista meg. Men men, eg treng snop, sånn er det berre. Det var ei god snopehelg, det er sikkert og visst.

I dag fekk eg meg ein jobb til utanom kordirigent. Eg har fått ein pitteliten jobb som barnehagetante. Dei som kjenner meg godt veit at eg ikkje er så alt for glad i ungar, og mange påstår at eg manglar morsinstinkt, men ein jobb er ein jobb. Pengar treng ein alltid. I tillegg til pengar er det varmt og godt i barnehagen, og eg kan ete så mange grove knekkebrød eg vil. Når eg først er inne på varme kan eg meddele av ovnane på internata er av, så det er bikkjekaldt på rommet. På grunn av dette set eg stor pris på den nye dyna eg fekk til jul. I morgon er frørste dag på jobb. Let the game begin!

torsdag, januar 04, 2007

Å salige stund uten like!

I dag slutta eg i fysikk. Det trur eg er det mest lettande eg har gjort på år og dag. Då er det i gang med engelsk igjen, noko som blir rart men kjekt. Jepp jepp!

I går i koret byrja vi på "Det er makt i de foldede hender". Det var dritbra :)

No er det under 1 mnd til eg blir 18! Eg har mange gleder i livet :)

mandag, januar 01, 2007

Eg vil òg ha ny blogg!

Dataen nektar å oppdatere bloggen min, sånn at får den nye versjonen. Blogger meinte at dei skulle kunne oppdatere bloggen min etter kvart. Flotte greier det, men hadde vore kjekt å få oppdatert systemen no. Jaja.

I går var det nyårsaftan, og det var ein roleg og reflekterande kveld! Eg og venninna mi, Stine, skreiv lister over kva vi har utretta dette året og kva vi vil utrette i løpet av neste år (altså 2007). I tillegg til dette prøvde vi oss på yoga og laga musikkvideo til Aaron Carter og diverse songar frå Flashdance. Vi fekk rett og slett trent litt!
Her er lista over mine nyårsforsett, litt prega av Stine sin humor når ho blir overtrøytt:

Astrid sine:
- Godtefri frå 1. Januar og fram til sommaren
- Trene meir
- Jobbe jamt med skulen
- Klare å stå opp og dusje før skulen byrjar
- Spare meir
- Få til ein dritbra korturnè
- Få sommarjobb
- Vere snill med venane mine
- Besøkje Ragnhild Sofie
- Ikkje kjøpe så mange par sko
- Ikkje få dårlegare enn 4 på vitnemålet
- Ikkje rangle så mykje før skuledagane
- Ikkje bli sjuk
- Sole meg masse!!!
- Gå oftare på fjellet/ i Saurdalen
- Skal prøve å motstå freistinga å byrje på folkedans, eller alternativet etnisk dans
- Prøve å mostå freistinga å byrje i Balestrand songlag
- Innsjå at 80-tals musikk er dårleg/ eventuelt uverdig til å kallast musikk(hjartleg helsing Stine)
- Knekke alle cd-ane med 80-tals musikk, og slette dei frå dataen
- Huske å ta på meg klede om sumaren...
- ...og spesielt om vinteren, og når det er kaldt
- Takle utfordringar som fotbad
- Ikkje rote meg bort
- Slutte å klatre med sugekoppar på vidauget til lærarane (spesielt i lunsjen)
- Slutte å fotfølge tilsyn i Mission Impossible- stil
- Ikkje gå med skidrakt i mai, eller andre månader