Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

mandag, september 25, 2006

Oppover på y-aksen

Då var vi i gang igjen med skulen. Sist veke var eg vekke 4 av 5 dagar, så ein kan mildt sagt sei at eg hengn etter i dei fleste fag. Både i matte, fysikk og kjemi har eg gått glipp av bortimot eit heilt kapittel. Strålande...........

Men formen er betre! Det verste av viruset og øyrebetennelsen har sluppe taket. No ventar eg berre i spenning på svar frå prøvane om kyssesjuka. Det blir i grunn ikkje noko sjokk om eg har fått kyssesjuka for eg er på ein måte litt innstilt på det. Har gåt og lurt på om eg har det/ har hatt det ei stund no.

Elles var det kafèopning her på Sygna i helga. Vi sel pizza og brownies for malinkèfolket i Mali og Elfenbenskysten. Var utruleg kjekt på opninga og eg trur vi kan tene ein god del på det. Ingen ting eg betre enn det!

No har eg forresten byrja å pakke til Romaturen. Etter å ha hive innpå med raspeballar på onsdag skal eg, Hege, Magnus og Lars Magne køyre til Oslo. Vi veit ikkje kvar vi skal sove natt til onsdag eller nokon ting, men vi tar det litt på sikt. Romatur blir det no uansett!

Nyare historie ventar.

Håpar alle har det bra!

Oppover på y-aksen

Då var vi i gang igjen med skulen. Sist veke var eg vekke 4 av 5 dagar, så ein kan mildt sagt sei at eg hengn etter i dei fleste fag. Både i matte, fysikk og kjemi har eg gått glipp av bortimot eit heilt kapittel. Strålande...........

Men formen er betre! Det verste av viruset og øyrebetennelsen har sluppe taket. No ventar eg berre i spenning på svar frå prøvane om kyssesjuka. Det blir i grunn ikkje noko sjokk om eg har fått kyssesjuka for eg er på ein måte litt innstilt på det. Har gåt og lurt på om eg har det/ har hatt det ei stund no.

Elles var det kafèopning her på Sygna i helga. Vi sel pizza og brownies for malinkèfolket i Mali og Elfenbenskysten. Var utruleg kjekt på opninga og eg trur vi kan tene ein god del på det. Ingen ting eg betre enn det!

No har eg forresten byrja å pakke til Romaturen. Etter å ha hive innpå med raspeballar på onsdag skal eg, Hege, Magnus og Lars Magne køyre til Oslo. Vi veit ikkje kvar vi skal sove natt til onsdag eller nokon ting, men vi tar det litt på sikt. Romatur blir det no uansett!

Nyare historie ventar.

Håpar alle har det bra!

onsdag, september 20, 2006

Legestolslitar

Denne veka har eg vore til legen to gonger. Dette er høgst uvanleg for meg, for eg trur vanlegvis eg er frisk til eg omtrent døyr. Men denne veka vart det altså litt ekstra. Første gongen fekk eg vite at eg mest sannsynleg har kyssesjuka. Andre gongen i dag måtte eg ned av to grunnar:
1. I natt trudde eg at øyret skulle sprenge. Trur eg aldri har hatt så vondt nokon plass før. Det sprengte ikkje, men eg hadde altså fått øyrebetennelse på eine øyret.
2. Då eg vakna i dag tidleg og skulle høyre på musikk lurte eg veldig på om det var noko gale med headsettet. Du skjønar, eg høyrte all musikk ein halv tone lågare på høgre øyre. Eg koste meg i grunn litt medan eg sat og høyrte på korleis musikken vart modulert ettersom eg bytta øyre.
Legen retta opp att trommehinna så no høyrer eg normalt. Var kjekt så lenge det varte!

Koret song i kyrkja på søndag, og det gjekk bra!

Eg hadde visst ikkje trengt å sjå så bekymra ut :)

søndag, september 17, 2006

...

I dag er så sliten at eg har feber.

For å vere heilt ærleg er det ikkje så godt.

Men det gjekk godt då koret sang i kyrkja i dag :) Opptur!

fredag, september 15, 2006

Snart helg no :)

No sit eg i klasserommet og kjedar meg. Eigentleg går ikkje eg i denne klassen ein gong, men eg sit no her og har eldre historie. Har fritime og ingen ting å gjere på, så eg gjekk berre inn i eit tilfeldig klasserom. Koseleg :)

Tida flyg og det kjem den óg til å gjere i helga. I morgon skal eg berre slappe heilt av, kanskje øve litt på nokre sangar. På søndag skal koret syngje i kyrkja. Vi hadde øving på onsdag, og eg trur det kan funke ganske så bra når vi skal syngje :)

I dag snakka eg for fyrste gong på ein morgonsamling. Morgonsamling går ut på at alle på skulen samlar seg i gymsalen og så er det andakt og det blir gitt beskjedar. Eg gav ein beskjed om kriting i kiosken og koret på søndag. Så no har eg gjort det :) Ein kan nesten ikkje ha gått gjennom sygnatida utan å ha gitt beskjed på morgonsamling.

I går var det ein koseleg kveld. Hege, Eline, Karen Marit, Magnus, Lars Mange og meg gjekk på tur i mørket ned i barnehagen. Det var heilt stjerneklart, og så sat vi der og dissa (huska) og prøvde å slå hjul. Eg fekk det til, eg vart litt stolt. Det er sånne kveldar ein hugsar :)

Tidlegare i dag skaut vi med luftgevær i eit forsøk i 3FY. Då sa læraren noko så genialt som: "De får ikkje lov til å sikta på nokon uengasjert."
Flott, Helge, det er bra sagt. Ein i klassen min prøvde å sjå veldig engasjert ut, men geværet måtte likevel peike rett opp.

Elles er det no mindre enn 2 veker til klassen reiser til roma og mindre enn 3 veker til eg skal vere nokre dagar på austlandet. Gler meg!

Håpar alle har det riktig bra! God helg folkens :)


No no, nokre glimt frå kvardagen på Sygna:

- Kjeledressdagen


- Biltur til Bergen

torsdag, september 14, 2006

Hektisk

No i det siste har eg verkeleg byrja å merke på kroppen at eg er tilbake på Sygna. Stress? Ja! Gler meg så sjukt til helga, for då kan eg sove så lenge eg vil, i alle fall på laurdag. Søndag skal koret syngje i kyrkja, og då må vi opp tidleg. Eller, ikkje sånn grusomt tidleg, men rundt kl 9.

I går hadde eg fysikkprøve, øvde med lovsagsteam, øvde med sanggruppe, hadde korøving, var på russestyremøte, spelte på møte, lagde til bursdag, feira bursdag, rydda opp etter bursdag og gjorde lekser. Då var det utruleg godt å få leggje seg etterpå. Fysikkprøven gjekk forresten rett vest. Eg trudde eg hadde kontroll, men det må eg for all del ikkje tru, for det har eg visst ikkje.

Bursdagsfeiringa var kjekk :) Vi feira ei i klassen, Eline, som hadde bursdag for 2 mnd sidan. Nokon nemnte noko med ein god grunn til å stappe i seg brownies og non-stop, men det vart ignorert. Skal det vere bursdag, skal det vere bursdag! Det var eit såkalla suprise-party, så det vart til og med litt spenning i kvardagen. Tjohei. Vi vart rimeleg kvalme heile gjengen, og når eg og Hege skulle leggje oss vart det ein god latterkrampe før vi sovna. Forresten leika vi selskapsleikar, noko eg likte utruleg godt. Eg sat og lo for meg sjølv og koste meg som berre det. Dei andre vart diverre lei ganske fort, så då måtte eg leike med meg sjølv men det vart ikkje så gøy etter kvart. Leiken vi leika heiter "Kva ville du gjort viss..". Eine utfallet vart:

"Kva ville du gjort viss Martin Egil skilte seg frå Oddrun og Oddrun gifta seg med Kjell Helland?"
"Eg ville i all beskjedenhet ringt natur og ungdom."

Eg kan meddele at denne er veldig intern for Sygna-folk.

No har eg nett vore og sykla. Eg var så stiv i beina, så eg fann ut at eg burde løsne opp litt. Det var godt, det :) Eg strakk ut alle moglege musklar kjempelenge, og det er få ting som er betre enn det! Forresten, eg er ganske stiv så "kjempelenge" i samanheng med utrstrekking er alt i alt ikkje så lenge. Lat oss ikkje henge oss opp i bagatellar.

No skal eg gå og ete lunch på internat 5 her på Sygna. Her er det tåke, så det ser nesten ut som om det er horisont og at vi ikkje er så innestengt melllom fjell som vi eigentleg er.

Ha ein nydeleg dag :)

torsdag, september 07, 2006

Romaprosjekt

Om tre veker reiser klassen vår til Roma på ekskursjonstur, og no sit eg og prøvar å finne eit tema eg kan skrive ei oppgave om. Til no har eg ingen idear som er brukbare. Temaet må vere innanfor religion eller historie og Roma då sjølvsagt. Har du forslag? Kom med det!

I går var det ei ny korøving her på Sygna, og igjen følte eg at dette gjekk bra. Veit at eg har mange som ber for meg, og det er godt å vita. Vi fekk øvd inn resten av "Jes vil leve i lyset" og "Lovsong". Under øvinga på "jeg vil leve i lyset" skulle vi øve inn at gutane og alten skulle ooooo-e ein plass, og då måtte eg verkeleg kjempe for å ikkje le. Første gongen dei song det var det nemleg heilt grusomt. Det kom seg etter kvart altså :) TIl slutt var dei ganske så flinke!

Elles fekk eg vite av tannlegen at eg skal heim i dag, for eg hadde visst time i morgon. Jaja, der rauk den helga. Eg har eigentleg mest lyst å vere her på Sygna, men men. Kan jo reise opp att på laurdag.

Nei, no får eg jobba vidare med prosjektet. As if...
Men Romatur blir kjekt, det:)

tirsdag, september 05, 2006

Blåkjole og tær

Eg bestemte nett at dagens blogg skulle byrje med eit dikt, og her er det:

"Nokon er store,
nokon er små,
nokon kan gå på tå."

Eg meiner dette diktet seier at det ikkje er ei skam korkje for store eller små å ikkje kunne gå på tå. Det å kunne gå på tå er berre for dei utvalgte tågangarane. Eg kan gå på tå, og på grunn av dette slår eg meg laus med ein påstand om at eg er ganske så spesiell på ein positiv måte! Det skal vere lov å tenkje godt om seg sjølv av og til.

I dag er det alstå tirsdag, og på Sygna er det den offisielle kjeledressdagen. I alle fall for nokon. Alt i alt var det berre to stykk som stilte opp i kjeledress, men eg lovte å ta ein med meg heimanifrå i helga. Viss eg hugsar å ta den med blir vi tre stykk som går i kjeledress på kjeledressdagen, og det er jo ei auke på 50%! Trur eg.. Eg veit ikkje heilt for eg fekk aldri til prosentrekning. Tenk, no tar eg 3MX utan å kunne prosentrekning. Det er ei skam! Viss nokon veit kor mykje auke det er frå 2 til 3 personar, ver venleg og legg att ein kommentar.

I kveld er det oppstart i bibelgruppene, og dette gler eg meg veldig til. Gruppa mi skal til ekteparet Fuglestad. Når eg skriv ektepar trur du kanskje at dei er gamle, men dei er berre rundt 30 år. Herr Fuglestad, eller Martin Egil om du vil, hadde eg som mattelærar i fjor. Han var grådig flink! Bibelgrupper har (minst) tre positive sider:
  1. Vi diskuterer bibelen, noko eg tykkjer er særs interessant, spanande og kjekt
  2. Vi får kome inn i ein heim, noko som er veldig godt
  3. Vi får god mat :):):)

(Der slo eg meg laus og skreiv tre smilefjes berre for å uttrykke kor glad eg er over at vi får god mat).

Men kva skjer på Sygna? Jo, i dag var det den årlege ungkarsparaden. Alle nye single gutar (altså ikkje så mange, det er trass alt sygna det er snakk om) går då på rekkje ut på skuleplassen iført boxer. Framfor rekkja av dei håpefulle går to gutar og slår på ei stortromme. Ja, den dagen slår dei verkeleg på stortromma. (*kremt host* tørr *host* vits). Medan alle elevane (og lærarane) på skulen ser på dette ritualet må ungkarane dele ut ei rose til ei jente i mengda som dei tykkjer er søt eller snill eller kva det måtte vere. Eg har aldri fått og kjem etter dette aldri til å få ei rose frå ungkarsparaden, men eg kan ærleg sei at eg ikkje er så alt for lei meg for dette.

I dag måtte Runar gå med blåkjolen. Alle gutar som har vore med i ungkarsklubben og fått seg dame må gå med ein blå kjole ein heil skuledag. Ikkje spør kvifor, det er berre tradisjon. På kjolen (den er ganske gamal) må dei som bli saman skrive namna sine inn i eit hjarte for å stadfeste kjærleiken. Skremmande nok fann eg namnet til søstra mi ein god del gonger. Når ho gjekk på Sygna fekk vi høyre at ho til saman hadde hatt tre kjærestar, men i dag avslørte eg jammen meg enda ein gamal flame. Dette skal eg undersøke nærare etter skuletid. Eller, nei, det kan eg ikkje for eg han ikkje pengar på kortet. Tilbake til Runar og blåkjolen. Då Runar hadde på seg blåkjolen i 1.klasse var den nesten litt for stor. I dag rakna den litt i kantane som eit resultat av pumping og høgt proteininntak. Runar fekk difor ikkje kjolen igjen, så den heng rundt han som ei kappe. Han tok eit par supermann-moves i klasserommet når han trudde vi ikkje såg han, men vi såg han. Haha. Gratulerer Runar og Silje:)

Det var det. Til alle de som holdt ut å lese heile teksten: *applaus*

mandag, september 04, 2006

Tørr tekst?

Frå eit innlegg med ein haug bilete er vi no tilbake på jorda med eit innlegg utan bilete. Kvardagen kallar, det er måndag. Nett no skulle eg eigentleg hatt kjemi og lært om svake syrer, men kjemilæraren har fått influensa. Eg kan ikkje sei at eg sørgjer over dette, eg er faktisk veldig glad. Kjemi, for dei som ikkje har hatt det, er eit veldig tørt fag. Det har det i alle fall vore til no. Kanskje blir det betre ut over året? Det kan jo hende.

I dag er det litt yr og sol i schöne Balestrand. Eg hadde tenkt meg ein liten tur i fjeddli (fjellet), men det blir kanskje treningsrommet viss jorda er så blaut som eg trur den er. Nokon vil kanskje tenkje at eg burde gå sjølv om jorda var våt, at eg burde tole det, og det burde eg kanskje når eg tenkjer meg om. Jo, det blir nok ein liten tur i fjellet i dag.

I natt gjekk eg i søvne og drakk ein halv flaske med Farris Bris. Nokre medelevar har planar om å jekke meg fast til senga for å halde meg på plass. Eigentleg treng eg ikkje å bli jekka fast, for eg set meg jo fast i senga nesten kvar natt. Uansett har mamma bestilt legetime til fredag fordi det på ingen måte er normalt å gå i søvne etter at ein er 15 år. Grunnen til at eg går i søvne er fordi eg ikkje taklar overgangane mellom djup og lett svevn. Ok, eg skal innrømme at i det siste har blogginnlegga mine handla om at eg går i søvne, men det er noko som opptar meg for tida. Eg tykkjer det er ganske mystisk i grunn. Du lurar kanskje på kva legen kan hjelpe meg med, og då kan eg seia det at han sikkert kjem til å leggje opp leggje-seg-rutiner for meg. Spanande!

I helga var eg heime saman med Hege Johanne, mi gode gode romvenninne her på Sygna. Vi køyrte ned saman med Lars Magne som går i paralellklassen og som skulle til Jæren. Helga besto av eting (masse karbohydrat), soving, latterkrampe, leiting etter dataveske og generell avslapping. Ho køyrte opp igjen med Lars Magne, medan eg og Stine køyrte opp att med Magnus. Før vi køyrte fekk eg ein sovetablett av mamma, og eg vart heilt neddopa. Tru det eller ei, men eg sovna med augo opne! Magnus var livredd for at eg skulle gå i søvne ut av bilen, så det var visst best at eg hadde på meg sikringssele.

No skal eg snart ringje mi beste venninne, Johanne, frå Sygna sin telefon for å få akkordane på ein song vi skal ha i koret. Ops, koret er om to dagar. Eg må finne ut kva vi skal gjere då.

Men alt i alt, folkens, så funkar livet flott. Pappa lærte meg fysikk når eg var heime, så eg var i siget i timen i dag og svarte rett på det meste. Læraren var særs overraska for han trur nemleg ikkje at eg er så lur.

Det er raudbete til middag i dag :D Det gler eg meg til!

Eg og Hege er flink til å ha godtefri.

Det var det.

lørdag, september 02, 2006

Bilete! Tjohei!



På denne fantastiske Mac-en min er det innebygd webkamera, noko som har vore utruleg underhaldande i det siste, så no i kveld bestemte eg meg for å leggje ut ein liten biletserie. Enjoy :D
Dette øverste bildet vart tatt av ein meir optimistisk leksepartner medan vi øvde fysikk. Eg var lettare nedtrykt og var ikkje akkurat i smilehumør. Biletet viser vel generelt kor glad eg er i fyrsikk...







Eg må få påpeike likskapen mellom biletet der eg har stor nase og Postmann Pat. Viss eg hadde sett sånn ut hadde eg passa perfekt inn i barne- tv! Der gjekk eg glipp av den karriera.. Jaja..

Elles kan eg nemne at eg her heime i helga saman med Hege Johanne. Pappa hjalp meg med fysikk i dag, så no er eg litt meir ajour på den fronten. Elles har det gått mykje i karbohydrat denne helga, for neste veke byrjar godtefri!
Når vi skulle kome oss heim kunne vi anten tatt båten eller så fekk vi tilbod om å sitje på med ein i klassen som skulle til Jæren. Mamma var veldig skeptisk til at vi skulle sitje på med ein så uerfaren sjåfør, men då smelte eg til med eit argument som gjekk mamma rett til hjartet. "Ja, men mamma, han e jo misjonærbarn!" Det vart viss biltur på oss i helga, og Lars Magne køyrte heilt eksemplarisk. Mamma ville til og med at han skulle vere her til neste dag, men han køyrte vidare.

Forresten, gratulerer til Magnus som sto på oppkøyringa! Vi feirar med eit bilete av den heldige, og meg.