Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, april 26, 2006

Fiskebollar

I dag er det fiskebollar til middag. Eg fann det ut tidlegare i dag, og då vart eg glad, for eg trudde det var fiskegrateng til middag og det likar eg ikkje i det heile. Eg gler meg faktisk litt til fiskebollar om eg får vere heilt ærleg!

Eigentleg skulle vi ha fysikkprøve i morgon, men fe fekk satt den ut til fredag. Takk og lov for det for viss eg skulle hatt den i morgon hadde eg vore dead meat og det er ikkje kødd ein gong.

Eg gler meg til helga til trass for forsvinnande faktorar, men eg overlever. Eg har eit sterkt overlevingsinstinkt.

I dag hadde vi geografiprøve og det gjekk i grunn ganske greitt. Betre enn forventa. God kjensle!

Elles så vil eg ha vår sånn som Edvard Grieg hadde vår som då han skreiv "Våren" av Grieg. Det vart ein litt vanskeleg og stygg setning, men eg trur at de som les klarar å få noko ut av den. Eg gler meg til å spele piano etter middag. Det blir kjekt. Då slappar eg av.

Det var denne onsdagen! Viss det er onsdag i dag då. Det er eg nemleg ikkje heilt sikker på. Men men.

Auf viederschreiben!

lørdag, april 22, 2006

Alt for mykje mat

I dag har eg rett og slett ete alt for mykje. Eg er heilt ør i heile kroppen! Har vondt frå hårrøtene til kvar vesle tå. Eg har ete nøtter, to middagar og kjeks. Men godt var det.

Tidlegare i dag var eg og Stine på fjellet. Det gjekk ikkje i lysfart for å seia det sånn, men det gjekk oppover og det var betre enn å ikkje ha gått i det heile. Då vi hadde komen opp dit vi skulle bestemte vi oss for å gå litt lenger oppover. Med andre ord: Vi slo oss heilt laus. Etter kvart som vi gjekk oppover møtte vi på mykje snø, og då vart det kaldt, så vi bestemte oss for å snu og gå ned att. Stor takk til fjellvettregelen: "Det er ingen skam å snu." Då følte eg meg litt betre.

No skulle Runar vore her på datarommet for vi skal gjere kjemi. Men han sviktar alltid. Han er ein svikar! Rett og slett. Eller berre litt treig.. Alt ettersom. Eg bryr meg eigentleg ikkje for eg klarar det nett fint sjølv.

Laurdag er ein fin dag, men eg er ganske trøytt for eg sto opp så tidleg i dag. Det skal bli godt å få leggja seg i kveld. Det gler eg meg til. I morgon skal eg og Ragnhild Sofie skrive søknad til å vere med på eit jazz-seminar i samband med Balejazz som skal vere her. Håpar vi får vere med! Det hadde vore skikkeleg kjekt.

I går var det sol og i dag er det sol. Har fått litt farge.

Forresten, eg har bestemt meg for å kutte ned på smileys og utropsteikn. Trur det blir bra.

Du og du, der kom han visst!

fredag, april 21, 2006

Ferdig med tysktentamen!

I dag er det fredag, og fredag plar eigentleg alltid vere ein fin dag. Men i dag er det ein ekstra fin dag, for eg er nemleg ferdig med tysktentamen. Veit ikkje om det gjekk så bra, men eg er no i alle fall ferdig. Det var skikkeleg rare oppgåver som handla om wienerpølser og franfurtpølser og alle andre typar pølser. Var nesten litt tragisk. Men, eg treng ikkje tenkje meir på det no for eg er ferdig!

I dag vart eg mobba fordi eg synes at eine læraren vår er litt kjekk. Han er jo det! Var to som sat bak meg som spurte om det vart vanskeleg å konsentrera seg når han var tentamensvakt. Ha - ha, veldig morosamt. Det er jo berre tull! Jaja. Sånn er det no med den saken.

I helga skjer det ein god del eigentleg. I dag er det idol, og det er jo kjekt. Elles skal eg og Stine på fjellet i morgon, og så kan eg eta kjeks. Har jo godtefri, så det er godt når eg først får noko skikkeleg sukker i kroppen. Men faktisk, så er eg nesten avvent frå sjokolade! Det er herleg å kunne gå i butikken utan å kjenne suget mot ei viss hylle som er full av visse teite ting som er fulle av kaloriar. På søndag skal koret først synge i kyrkja, og etterpå skal eg, Karen Marit og Hege syngje på ein konfirmantfest, og eg skal spele til fellessongane.

Apropo konfirmantfest, det er jo ein episode for seg sjølv. Helge, ein lærar på skulen, sa at det kunne vere lurt å prøve instrumentet eg skulle spele på før søndagen, sånn at eg var førebudd. Då eg kom bort på hotellet, der festen skal vere, viste det seg at dette instrumentet var eit elektrisk orgel frå tjukkaste pastellfarga 80-tal! Det var eit sånt med to radar tangentar oppå kvarandre, og det var eitt volum uansett om eg trykka svakt eller hardt. Og den lyden.. eg får heilt vondt i hjarterota når eg skriv om dette.. det var ein blanding mellom panfløyte og trompet! Nei, det var eit skrekkscenario utan like, ingen tvil om det. Eg klaga til Helge, og det resulterte i at eg no har eit keyboard på rommet. Det keyboardet, som er heilt grusomt, skal eg spele på på søndag. At eg vel å frivilleg spele på eit keyboard seier litt om kor forferdeleg det orgelet var. Grunnen til at eg har keyboardet på rommet er at eg skal kunne øva på det når eg vil sånn at eg skal vere klar til søndag. Eg gler meg til søndag er over. Det er ikkje til å stikke under ein stol for å seia det sånn.

No er det litt over ein time til middag, sola skin og det er fredag. Livet er eigentleg veldig bra.

Eg gler meg til sommarferie!

onsdag, april 12, 2006

Påskeferie

Dette har eg gjort:
- Vore på kino og sett Istid 2
- Vore i by'n med Tone og Reni
- Hatt/har besøk av JohAAAAAAAAAAAAAAAAAnne
- Vore med Per Arne
- Ete masse! Av ALT!!!!!
- Laga middag
- Høyrt Kamilla og tyven- songen om lag 200 gonger
- Sletta bileta på digitalkameraet
- Sett på TV
- Surfa på veven
- Funne att eit minnekort
- Kjøpt meg ny bukse
- Kjøpt meg nye sko
- Sett Gaute sin musikkvideo 4 gonger
- Sett musikkvideoen ein gong til
- Gått lang tur med Johanne og Per Arne
- Tatt buss to gonger
- Ete litt meir
- Spelt gjennom ein god del av songane i songboka (nesten halvvegs)
- Skrive denne lista



God påske :)

torsdag, april 06, 2006

Ein dag igjen til ferie!

I dag er det torsdag, og det betyr at det berre er ein dag til ferie. BERRE EIN DAG TIL FERIE! Eg trur aldri eg har sett sånn fram til ein ferie før. Kvifor gler eg meg sånn? Eigentleg veit eg ikkje. Eg trur eigentleg berre at eg er så drittlei skulen at eg treng eit avbrekk. I tillegg skal eg jo vere med Johanne på leir, og det er jo høgdepunkt over alle høgdepunkt! Det blir så bra, det!
No har eg fysikk, og eg skriv fysikkrapportar. Eigentleg er eg ferdig, men viss eg berre sit her så slepp eg å gjere andre ting. No måtte eg forklare Runar kva ein blogg var, for han hadde aldri høyrt om det før. Jaja. Sånn kan det gå.
I kveld skal eg pakke, og så reiser eg i morgon klokka 16.15 med bussen. Då er eg heime 19.20. Nei, fytti! No gler eg meg ikkje til å reise heim. Viss eg skulle ein plass i helga, til dømes på besøk til Johanne på Kongshaug, så hadde det vore ein sak. Men eg skal jo faktisk berre heim.. Heim i huset vårt i Knarvik. Jaja. No vart det litt nedtur. Men eg gler meg til leir, det gjer eg. Det er absolutt ikkje til å stikke under ein stol. Joda, eg gler meg til ferie, men ikkje nødvendigvis til å vere heime.

Ferie blir bra :)

lørdag, april 01, 2006

Den rosa reka i Bergen

I dag er eg i Bergen. Eg måtte stå opp kl 7 på ein laurdag, men det var verd det! Det var jammen godt med litt byliv. Eg skal klippa meg i dag, og det gler eg meg til. Skal berre stussa deg, men det føles godt det òg. Eigentleg hadde eg gått inn ein avtale med meg sjølv om at eg ikkje skulle kjøpe noko. Den braut eg allereie før eg hadde vore i byn i 15 min. Men den t-skjorta var så fin at eg måtte berre ha den. Det var ingen veg utanom. Eg og den var ment to be. Litt i alle fall... Elles har eg berre kjøpt to cdar på salg; Essential Simon and Garfunkel og Mew. PS: Dei var på salg.

Forresten såg eg ei reke på gata i dag. Den var sjølvsagt daud. Heilt rosa. Eg syntes litt synd på den, så eg sto og såg på den ei stund. Eg sto der kanskje litt for lenge, for det enda opp med at eg kræsja med ein mann. Stakkars reka. Det var nok berre minutt før den vart trakka ned og vart heilt flat. Men det var i alle fall ikkje eg som trakka på den!

No skal eg på H&M og skifta t-skjorte, drikke farris og så gå og klippa meg.

Eg sat forresten på ein benk her ute i sentrum og skulle høyre på mew-cden, men eg måtte gå ganske snart fordi det sat ein ved sidan av meg som røyka sigar, og sidan eg ikkje toler røyk måtte eg gå. Men men. Eg måtte ha gått før eller sidan uansett.

Eg sit på nettcafe så dette blir etter kvar ganske dyrt! Må nok gå.

Stakkars rosa reka...