Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

søndag, juni 25, 2006

Mista mobilen

Eg har mista mobiltelefonen. Eg finn den i alle fall ikkje, og det er sjukt irriterande! Kjenner at eg får abstinensar. Elles har eg fått meg jobb på pleie og omsorg i kommunen der eg arkiverer ting og tang og tar telefonar. Kjekt nok det. I går gifta søstra mi seg, og eg var toastmaster ved kaffien. Det var utfordrande og veldig kjekt. Trur det gjekk ganske så bra faktisk! No skal eg leite litt meir etter mobilen.

onsdag, juni 14, 2006

Ferdig med tysk!


"Hahaha, eg veit ikkje!"

No er det over. No er ferdig med tysk. Eg skal aldri ha ein einaste stygg tysktime igjen resten av livet mitt, og eg klarar ikkje forklare den gleden eg kjenner no! I heile år har eg vore så møkklei tysk, så no var det verkeleg på tide å bli ferdig. eg er òg ferdig med 2FY som er det nest verste faget, men til neste år skal eg jo ha 3FY, så eg kjenner ikkje den gleden godt.

I morgon, i morgon faktisk! I morgon er det sommarferie. Det er òg noko eg har sett fram til veldig lenge no. Vanlegvis plar eg ikkje gleder meg mykje til å kome heim til ferie, men no gler eg meg skikkeleg. Eg har til og med fått meg jobb, og det i seg sjølv er eit framsteg for meg, for eg endar som oftast opp med å sulle rundt heime i sommarferien. Elles skal eg på UL på Askøy, GF i Trondheim, i to bryllup, vere ledar på leir, jobbe 20 dagar og elles gjere akkurat det eg har lyst til. Nei, eg trur ikkje det har gått opp for meg at no er det sommar, for ferien har heile tida virka så fjern. Gler meg til pappa kjem og hentar meg i morgon. Då skal vi kjøpe hot-dog på ferga og høyre på god musikk. Det blir bra!

Så, ja, eg er veldig veldig klar for sommaren, og eg håpar eg får utnytta den godt.


Hva han tar, og hva han giver
samme fader han forbliver.
Og hans mål er dette ene:
Barnets sanne vel alene.

torsdag, juni 08, 2006

Fått meg sommarjobb!

No er det veldig lenge sidan eg har oppdatert bloggen min, så eg følte det var på tida. Ja, kva skjer? Skriftleg eksamen er ferdig og matteeksamen var overraskande lett, så det var no berre lækkert. No er karakterane sett, og det er ingen ting å gjere med dei, så no er det slauring på høgt plan. Deilig rett og slett! Berre ei veke att til sommarferie, og eg har til og med fått meg sommarjobb. Mamma fiksa jobb som resepsjonist på jobben hennar, og det blir då første jobben eg har som ikkje inneber vasking. Trur det kan bli bra!