Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

tirsdag, oktober 31, 2006

Små barn, store gleder!



 
Det er mange ting eg tykkjer er kjekt. I dag fann eg ut enda ein ting som eg likar veldig godt: å fyre i peisen. Eg skulle berre nett bort ein tur til peisen for å lukke ei luke, men så enda det med opp med at eg sat der i 15-20 minutt. Peisen var rett og slett veldig fascinerande! Praktisk moro rett og slett. Huset vart jo varmt. Så der sat eg og eksperimenterte og koste meg som ein liten unge. Det var veldig koseleg faktisk, men så vart det så mykje trekk i peisen (evt omnen) at det slukna. Då fann eg heller fram eit teppe. Tepper er koselege, spesielt dei av mjuk ull. Vi har eit sånt teppe heime. Det er grått.

I dag skulle eg eigentleg berre vore heime og slappa av, men det klarte eg ikkje. Dagen endte opp med at eg og mamma gjekk bort i senteret og kjøpte julegåver til meg. Eg må sei at det er lenge sidan julafta har vore spanande, for eg er som oftast med og kjøper gåvene. Juletreet gøymer ikkje lenger nokre mysterier. Eg kan lese det som ei open bok. Fordelen er då at eg får akkurat det eg vil ha, og det er jo vel og bra. Den ordninga funkar i grunn heilt greitt for meg! Eg kjøpte meg superundertøy, softshelljakke og dundyne. Med andre ord: fornuftig!

Eg ser aldri på nydendene. Eg les aldri aviser. Eg har ikkje samfunnskunnskap. Eg er rett og slett aldri oppdatert på kva som skjer i verda. Alle minibankane kunne blitt stengt utan at eg hadde fått det med meg før eg sto i ein minibank. Dette burde vere urovekkjande, men eg har berre ikkje til å vere oppdatert. Det er ikkje ein av mine prioriteringar. Når eg blir 20 år skal eg byrje å følgje med. Det kan vere nyttårsforsett i 2009.



Visjonar




Av og til får eg visjonar, og det er ganske interessant. Nokre gonger får eg visjonar om kva songar eg skal ha i koret, nokre gonger om kva genser eg skal kjøpe, og ein skjeldan gong om kven eg skal gifte meg med. To gonger i livet mitt har eg fått ein visjon om kven eg skal gifte meg med, og begge gongane er det folk eg ikkje kjenner, berre veit kven er og som eg på ingen måte har moglegheit til å bli kjent med. Personar eg aldri har prata meir enn eit par setningar med og som eg aldri kjem til å prate med igjen. Første gongen eg fekk ein såkalla giftevisjon var eg sikker på at det var Jesus som prata til meg, men fyren hadde jo dame (og har det forsåvidt enno)!! Jaja. Det skal ikkje vere lett. Visjonar kan vere irriterande til tider. I pappa sin 50-års dag var det eit vers i songen til pappa som handla om at eg og søstra mi må gifte oss snart.
Kanskje har dette ført til at giftevisjonane har trengt seg på? Hallo, eg er berre 17 år!! Eg skal ikkje tenkje på sånt no! Sånt skal eg ikkje vurdere ein gong før på lenge. Eg er oppgitt. Åshild, har du giftevisjonar? Den songen altså, den sette spor.
Nei, no går eg og legg meg, eg har ikkje godt av å vere så lenge oppe. Eg er redd for at eg skal få ein ny visjon. Eg kjem til å ende opp med gifteangst (gamofobi), det er eg sikker på. Eventuelt har eg tatt skade av ein guttefattig Sygnamiljø. Kven veit, kven veit..

mandag, oktober 30, 2006

Plumbo?




Koret gjorde ein god innsats på haustfesten. Eg var stolt og det var kjekt. Det ser ut som om eg kjempar for harde livet for å vere rett i ryggen. Eg blir nesten sliten av å sjå på biletet.

Kvelden i går var fylt med dårlege forslag.
1. Eg var så tett i nasen og foreslo å bruke plumbo. Dette fekk eg ikkje lov til av mamma.
2. Mamma meinte at eg er sjuk fordi eg er allergisk mot sjokolade. I så fall skulle eg vore daud no, i alle fall sjuk året rundt!

No skal eg kose meg med eple og sjå MacGyver. Den serien, den er berre heilt konge! Det som er så artig er at alt han gjer er mogleg, det er berre groteskt usannsynleg. Eg hugsar laurdagane då eg var yngre, då var det MacGyver og bamsemums som var toppen av lykke. Ok, no høyres det ut som om det er kjempelenge sidan, men det er det jo ikkje, så dette vart berre teit. 80-talet er foresten kult. Kvifor døydde hockeyfrisyren og barten ut?

Eg slepp å ha korøving på onsdag, for eg skal vere heime til fredag. Ei i 2.klasse skal ha øvinga og då skal dei øve inn ein song av Kirk Franklin. Personleg gir den songen (We lift our hands in the sanctuary) meg ingen ting, men dei skal no få lov til å øve den inn viss det kan bli til glede for koret.

I går såg eg fimlen "Eit vakkert sinn" med nynorsk tekstin på nrk. Eg diggar nrk! Nrk rular. Det var ein flott film, eg likte den.

På bordet mitt står det no tre ulike typar nasespray, og eg må bruke alle når eg snyt meg. Den eine går rett til hjernen, og eg føler nesten at eg blir høg på nasespray. Rusen varar ikkje så lenge, berre 2 sek, og den er ikkje så veldig spanande i grunn. Kjedeleg rett og slett. Rusen gir meg ingen ting, den har ingen verdi for meg. Det er berre noko eg kan skrive om på bloggen.

Nei, no må eg følgje med på MacGyver. Eg har sett denne episoda før, men den er kanskje spananade denne gongen òg.

søndag, oktober 29, 2006

Tilbake i Knarvik

Tre dagar i Balestrand var visst nok. No er eg tilbake i Knarvik for å bli rekonvalisert (eller kva det no enn heiter). Eg fann ut at eg ikkje kom til å bli frisk på Sygna, for der er det så mykje å gjere, så det beste var berre å haike heim att til ho mor. Nei, eg haika ikkje, eg sat på med ein eg kjenner. Berre sånn viss de lurte.

Men helga på Sygna var ganske så bra! Haustfest sto på plakaten, og det er alltid kjekt. Russen fann ut at vi skulle lage bompengering ved inngangen til Sygna, og på den måten fekk vi pressa ut pengar av alle som køyrte inn og ut. På to dagar fekk vi inn i overkant av 10.000 kr, og pengane førar til følgjande:
- Ungdomsarbeidaren må bleike håret
- Miljøarbeidaren må bleike håret
- Den andre miljøarbeidaren må farge håret raudt
- To av russejentene skal SKALLE SEG! At dei tør altså! Eg fekk tilbodet, men eg klarte ikkje ofre håret for misjonen. Sorry folkens.

Sygnakoret song på haustfesten, og til å vere haustfest song koret ganske så bra! Vanlegvis plar koret syngje heilt grusomt på haustfesten, men dette året gjekk det rimeleg bra :) Fekk til og med skrapt saman eit band dei siste timane før festen. Herleg!


Skal leggje ut bilete i morgon :)



Og takk! TAKK til alle som ber for meg.

torsdag, oktober 26, 2006

Tilbake på Sygna

I dag gjorde eg det, eg reiste opp att til Sygna. Frisk? Nei. Men eg følte eg hadde så mange pliktar som kalla. I dag hadde eg korøving, for vi skal nemleg syngje på haustfesten på laurdag. Eg høyrte ikkje koret pga dott i øyrene, men eg trur det var bra: Jada, det vart sikkert bra :)

No sit eg resepsjonsvakt og er heilt aleine i daglegstova. Men det er eigentleg ganske godt, for eg orkar ikkje så mykje folk rundt meg når eg er dårleg. Det renar litt og det er heilt mørkt. Eg har på meg ein raud og svart ullgenser som matchar mørkret. Genseren fekk forresten mamma då ho skulle byrje i 6.klasse. Ho skulle visstnok ha noko å vekse i, men dei tok kanskje LITT for mange maskar på strikkepinna når der passar til meg no som eg går i 3.klasse. Men sjølvsagt, alt er relativt. Mamma kunne vere ein diger 6.klassing for ale eg veit. (Men eg har ine tvil).

I dag har eg ete 1/3 grandiosa og 1 bixitkjeks. Det er rart å ikkje ha matlyst altså! Spanande. Eg veit ikkje om eg skal på skulen i moron. Får sjå...

onsdag, oktober 25, 2006

Lei av reklame

Sidan eg no har vore sjuk, har eg for det meste hatt èin hobby (utanom alle ordleikande mine):
- Fjernsynssjåing

Eg er mildt sagt kjempelei av reklame. Spesielt desse:
- Tele 2
- Kavli ost
- Palmolive dusjsåpe
- Gjennvinning av metall og glas

Det var dei eg kom på no i farta, men det er fleire, det kan eg lova deg!

I dag har eg òg sett veldig mykje på fjernsyn. Eigentleg skulle eg opp att til Sygna, men eg måtte berre innsjå det faktum at eg ikkje er heilt frisk enno. Men i morgon, då bêr det nordover til Balestrand. Eg gler meg! I dag skulle eg eigentleg få lekser tilsendt i posten, men det kom ingen ting. Difor har eg igjen ein lang tv- og datakveld framfor meg. Nei, eg kan ikkje finne på noko nytt! Det hadde vore for gale...

Forresten, i går gjorde eg noko nytt. I går lagde eg vafflar, først og fremst til meg sjølv, men mamma åt ein god del. Pappa fann restane i dag og åt litt av dei, men det var i grunn greitt, for vafflar er berre godt same dagen ein har laga dei.

I går fekk pappa seg speilreflekskamera, og han var og er i ekstase. Teknologi er spanande, det er ikkje til å stikke under ein stol!

Berre sånn viss de lurte, så har eg hatt eit inntak av om lag 500kCal i dag, noko som er mykje mindre enn ein vanlegvis treng, men sidan eg berre sit i ro er eg ikkje så svolten og treng heller ikkje så mykje mat. Ja, dette var jammen meg interessant...

Nei, no har eg vel i grunn ikkje så mykje meir å skrive om. Jo, eg byrjar å kunne askepottsangen utanboks no. Ganske stolt av det!:)

PS: Trykk på overskifta til posten frå i går!

tirsdag, oktober 24, 2006

Bisarre ordleikar

De anar ikkje kor mykje rart ein kan finne på når ein er sjuk og berre må liggje i sofaen og sjå i taket. Eg har funne på mange rare ordleikar som eg ikkje skal gå nærare inn på her, men eg tenkte at eg kunne publisere mitt siste prosjekt. De har vel alle sett tre nøtter til Askepott på julafta, og som de kanskje har merka er filen på tjekkisk (trur eg). Eg fann ein av songane frå filmen på internett og skreiv den tjekkiske teksten om til norsk "lydspråk". Veit eigentleg ikkje heilt korleis eg skal forklare det, men men. Uansett, i dag bestemte eg eg for å leggje ut teksten så de kan sjå verket mitt. Kanskje vil de få bruk for det i tja.. nokre kanskje litt merkelege omstendigheiter.

Her er linken til songen:
http://www.vesmirni-lide.cz/zvuk/hudba/laska_03/track_05.mp3

Og her er.. *tormmevirvel* ein tekst som det går an å synge med på:

Marrne se vastni hå osodobptasj,

tso dnæs a zitra skissta

psjedstaff se sje kapse osjisjek masj

a ten tje da måts vysrat

na te kdos tsilem zlym

sjtejid tvo branos ksjisjid

sjettri si åjisjky pråkk vili svå

gde stans si nalår psjisjnasj

sjevvot er påhattkon neddåksanåh

sje stat se smy en tsjikrat

snatt ti tå mosje snyt

dnes jakå blasnåv stvi

virsj mer sje tåj e ta nassvetje nejlepsjy sprava

pråkk tik då ovesjy stannese sazrak

mosjna, mosjna, mosjna,

kdoj ento posna, posna, posna

virsj mer sje tåj e ta nassvetje nejlepsjy sprava

kåosodji ojisjko ksji vadje dava

vyddrat, vyddrat, vyddrat

jednå, dvakkrat, tsjikrat

na na na na na na..

snatt ti tå mosje snyt

dnes jakå blasnov stvi

virsj mer sje tåj e ta nassvetje nejlepsjy sprava

prokk tik då ovesjy stannese sazrak

mosjna, mosjna, mosjna,

kdoj ento posna, posna, posna

virsj mer sje tåj e ta nassvetje nejlepsjy sprava

kåosodji ojisjko ksji vadje dava

vyddrat, vyddrat, vyddrat

natt sje me jednå, dvakkrat, tsjikrat

virsj mer sje kralåvstryv padne

kdysj skadnyv njem laska

kransve tsji ojisjky tsjeba dje sazra

pottka, pottka, pottka

mosjna taky stokrat

(C) Astrid Rydland Bjørke

Mange artige ord der, ja :D

mandag, oktober 23, 2006

Applaus til Balestrand legekontor

For fem veker sidan tok eg ein prøve på Balestrand legekontor for å finne ut om eg har kyssesjuka. Dei sa at eg skulle frå svar ganske snart, men svaret kom aldri, og no viser det seg at dei hadde klart å rote vekk prøven. Flott! Så i dag var eg på legekontoret der eg fekk tatt ein ny prøve. Legen var veldig gira på å finne ut kva som feilte meg, så eg tok prøvar for kyssesjuka, diabetes, blodsukker osb osb. Eg følte meg heilt blodfattig etterpå, i alle fall i armen. Var ein del blod som vart tappa der ja!

Så.. No er eg heime i Knarvik, og det har eg vore sidan torsdag. Fekk sjukemelding i dag fram til onsdag, så dette er berre flott. Blitt ganske flink til å sjå på tv! Ja, det er begrensa kva som skjer i livet mitt for tida. Mobilen min kunne like godt vore av, for det er ingen som har ringt eller nokon ting. Meeeeen men.

Elles har feberen gjort at eg har mista matlysten. På to dagar har eg alt i alt ete 1 skive og 1 hotdog. Ganske rart det å gå og ikkje vere svolten.

Ha ei fin veke, folkens!

lørdag, oktober 21, 2006

Kvar er immunsystemet?!?!?

Ja, eg er sjuk, IGJEN! Sånn funkar livet mitt: Frisk to veker, sjuk ei veke, frisk to veker, sjuk ei veke. Funkar dette bra? NEI! Eg vakna i dag og følte meg heilt tipp topp, men når eg hadde vore oppe eit par timar kjente eg at noko var på gang inni meg, og no sit eg her som ein stakkars sylteagurk med feber og vondt i halsen. Eg var på ein konsert tidlegare i dag, og då den var ferdig såg eg at eg hadde merker på handa mi etter neglane mine, for eg hadde klemt så hardt for å undertrykke vondten i halsen. Jada.. Flott. Men konserten var flott! Var søster Åshild, tante Margaret og andre vener av dei som hadde ein kosert til inntekt for ein barneheim i Moldova. Eg måtte le litt etter kvart, for eg byrja å grine litt i kyrkja pga halsen, og då trudde alle rundt meg at eg var rørt til tårer, hehe! Det kunne forsåvidt ha stemt..:)

Så.. No har eg skrive mykje om kor synd det i meg. Interessant eller?:)

Kva gler eg meg til for tida? Hmm..
1. Jul
2. Nattcup
3. Langhelg
4. Lønningsdag i november

Apropo langhelg november har eg ikkje peiling på kva eg skal finne på. Men då har eg jo noko å tenkje på i kveld òg! Flott flott. No går eg og tar meg litt juice.

Forresten, eg passar ungar i kveld! Det er jo heilt utruleg! Eg likar jo ikkje ungar! Men dei søv berre, så det er ikkje den største utfordringa.

Ha ei fin helg vidare alle saman!

fredag, oktober 20, 2006

Uhell i garasjetrappa

Nei, det var ikkje noko stort uhell, men det var liksom det som fekk begeret til å renner over. I dag har vi feira pappa sin 50årsdag, noko som var grådig kjekt. Eg og søster Ingrid var toastmaster, og eg trur det funka ganske så bra! Eit av innslaga var at vi søstrene kledde oss ut som eit songlag frå eit bedehus på Sunnmøre og sang ein sjølvskriven song på melodien "han er min sang og min glede". Det var mange interessante tenorstemmer som kom fram der ja ...:)

Men uhellet ja. Jo, i dag måtte vi vere litt fine, så eg slo på stortromma med svart kjole og hoghælte sko. Eg vart vel rundt 174 og ganske så fornøgd med det. Det einaste er berre at eg er heilt elendig på å gå i høge hælar, eg har ikkje så mykje trening. Folk bemerkte at eg gjekk litt som ein pingvin, men når eg sto stille følte eg meg ganske fin. I pausen under feiringa måtte eg heimom for å hente noko steikt lauk, ikkje spør kvifor, og då måtte eg stresse gjennom huset og ut i garasjen. For dei som har provd det, er det ikkje så lett å springe i høge hælar, i alle fall ikkje i trapper, og sidan balansen min er heilt elendig så endte det opp med at eg tryna ganske kraftig. Heldigvis rakna ikkje strømpebuksa, eller kjolen for den saks skuld. Alt gjekk i grunn ganske greitt, men eg skifta sko etter dette. Neste gong eg skal gå med sånne sko blir nok julemiddagane framover, og heldigvis er det ganske lenge til jul.

Elles var 50årsdagen fylt med masse tørre vitsar, spesielt mattevitsar. Vi er ein ganske matematisk familie, ja, faktisk er eg sjølv ganske glad i matte. Og så var det masse god mat ja! Ikkje minst sjokoladekaka :)

No er det kveld og eg og søster Helga skal sjå nokre episodar av typisk norsk. Det er eit herleg nrk-program med ekte Bjørke-humor. "Å sjekk DEN annonsa da, den var jo stava heilt fei! Hallo, kem skrive nåkke sånt? HAHAHAHA!"
Åjada, vi har gooooooooooooooooood humor :)


god helg forresten!

PS: Romaprosjektet skulle inn i dag 15.15, eg fekk levert 15.11. God tid :) Vi hadde hatt to veker på prosjektet, eg skreiv det på toppen tre timar. Kommentar frå pappa etter at han hadde lest gjennom det: "Øhm.. Jo.. dette var jo.. tja.. interessant?"

Mission completed!

torsdag, oktober 19, 2006

Berre eit lite vink

Romaprosjetet skal inn i morgon!! Skrekk og gru, eg har jo ikkje byrja ein gong! No sit eg og prøvar å skrive, og eg er godt i gang... med første setninga... På toppen av alt skal eg skriva på bokmål, noko eg faktisk tykkjer er ganske så vanskeleg. Jaja, det går nok bra, eg får nok levert :)

I dag var det heilt grusomt å stå opp. Eg trudde eg skulle byrje å grine då vekkjarklokka ringte, for eg var så trøytt! Eigentleg er eg trøytt enno, men i ettermiddag skal eg ta bussen heim så eg kan sova litt då. På fredag skal vi nemleg feire pappa sin 50-årsdag, noko eg trur blir veldig kjekt. Masse god mat i alle fall! Eg og nest eldste søstra mi, Ingrid, skal leie festen. Det blir enkelt og greitt, veldig greitt. Eg gler meg til å gå med dei nye skoa mine. Kvar kveld denne veka har eg øvd meg på å gå med dei, for dei har nemleg særs høge hælar. Eg har neturleg ganske så dårleg balanse, men no følar eg at eg byrjar å få taket på gangen.

Forresten, viss de har forslag til kva som skal stå på russekortet mitt er det berre å skrika ut! Eg treng forslag, mange forslag. Ja, eg veit det ikkje er så mange som les bloggen min, men kom med forslag de som les.

Jess, no skal det jobbast... Trur eg.

onsdag, oktober 11, 2006

Haustferie

Ja, då var haustferien i gang! Torsdag til laurdag var eg i Spydeberg hjå tante, onkel og søskenbarn. Då fekk eg lada litt opp etter Romaveka. For å bruke få ord kan eg bruke dette for å skildre dagane i Spydeberg: sofasliting. Herleg!
Laurdag reiste eg til Oslo sin beste austkant for å vere hjå svoger og søster. Dei hadde lova meg at eg skulle få sove der til søndag. Eg trudde ikkje eg var optimistisk då eg trudde eg skulle få sove på sofaen, men det var eg altså. Ingrid påstår nemleg enno at eg snorkar, noko eg ikkje har gjort på fleire år. Kva skjedde? Eg måtte sove på kjøkkengolvet. Men eg sov godt der :) Søndags føremiddag var vi i misjonssalen, noko som var veldig kjekt. Traff ein del kjente :) Søndag til mandag budde eg hjå klassevenninne Eline og mandag til tirsdag budde eg hjå klassevenninne Kari. Koseleg begge deler! Dagane gjekk med til eting, kino, og treffe folk utan at eg treng å gå meir i detalj om det...:)

Det var i grunn godt å kome heim tirsdag kveld. Eg var rimeleg lei av å slepe rundt på eit monster av ein sekk fylt med skitne klede og masse masse toblerone frå tax-freebutikken. Faktisk hadde eg berre eitt sett med reine klede då eg kom heim og det hadde eg på meg. Godt pakka? Ja, eg var fornøgd :)

I dag har eg vore med Stine, mi gode heimevenninne. Ikkje berre har eg eit særs godt forhold til ho, eg trivst veldig godt i familien òg. Til dømes i dag hadde vi ikkje noko god mat i huset, så då gjekk eg opp der og åt. Wraps med elgkjøt frista litt meir enn sei og ris, ja! Etter at vi hadde ete opplevde eg tja.. mitt livs største mareritt (?)(kanskje litt overdrive...) Eg trakka på ein snegle medan eg berre hadde sokkar på. Den var så stor og svart og ekkel og ÆSJ!!! Det er ikkje ofte eg hyler, men då hylte eg. Berer viss de lurte liksom..

Vi tok oss ein impulstur til Bergen etterpå for å pleie såret eg jadde fått i sjela. På vegen fann vi ut at vi var velsigna med fint hårfeste. I byn fekk eg gjort noko eg har utsett lenge: klaga på mp3-spelaren min. Den slutta nemleg å slå seg på etter kvart.. Den gav opp. Livsgnisten var ute. No ventar eg ein ny i posten i løpet av 2 veker. Creative har god lyd og god kundeservice :)

Her er nokre bilete frå turen. Eg vart lykkeleg når eg fann eit katt eg fekk klappe, men etter kvart vart den litt innpåsliten.. For å få den vekk måtte eg hoppe opp og ned.


Det byrja med skepsis...


Men sjå for eit radarpar!

fredag, oktober 06, 2006

Veke i Roma!

Ja, då var veka i Roma over! Alt i alt har det vore ei knall knall veke. Varmt, sol, pizza, is og masse gode vener :) For å nemne noko har tida gått med på å sjå colloseum (det var heilt kollosalt *host*), masse ruiner, ein haug med kyrkjer, paven, Vatikanstaten, Peterskyrkja, det sixtiske kapellet, spansketrappene, trevifontenen osb osb. Det var ganske mykje program, men òg veldig god tid til å slappe av og sulle. Herleg :) Vart ganske så solbrent i løpet av turen for det var fint vèr mest heile tida. Den eine dagen vi hadde fri vart det diverre overskya, men vi reiste på stranda berre i trass og låg der og hutra og fraus i vinden. Men brun vart vi :D
Eg har rett og slett hatt ei veke utan bekymringar! Trur eg hadde godt av dette.

I skrivande stund sit eg i Spydeberg hjå søskenbarnet mitt, Martine, og familien hennar. Martine går forresten òg i klassen min på Sygna. Det regnar og er surt, men faktisk vart eg litt fed up av all sola i Roma, så det var nesten litt godt med regn. I resten av ferien skal eg besøkje søster, svoger og vener i Oslo og så vere litt heime. Godt med ferie :)

Elles er det kjipt å ikkje vite kor ein har folk...

Roma kan anbefalast! Sjekk ut bilete på http://www.sygna.vgs.no/?vis=galleri&f=Roma%2006&id=1250Q569888KL22445IO56788#