Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

lørdag, desember 30, 2006

Eg er hekta!

Ja, eg er hekta. Eg har blitt heilt avhengig, men no har vi komen til eit kritisk punkt for det er ikkje meir att. Det er oppbrukt alt saman. Ja, eg er ferdig med å sjå heile sesong 1 av Prisonbreak. Du tenkjer kanskje at "det har jo eg òg", men du gjorde det vel kanskje ikkje i løpet av to dagar? Det gjorde eg, og det er til å anbefalast. Det var i overkant av 16 fantastiske og spanande timar. No må eg berre vente på at sesong 2 skal kome ut på dvd så eg kan få tak i det. Eg har ein ganske liten dvd- samling men no som eg har Prisonbreak følar eg at den er rimeleg komplett.

Elles stripa eg håret i dag (eller mamma gjorde det), og eg vart mildt sagt kjempeblond. Vanlegvis har eg tenkt litt negativt når det gjeld det å farge håret kjempeblondt, men no har eg nesten gjort det same. Den einaste skilnaden er at eg ikkje farga alt håret kjempeblondt, og det er eg riiimeleg glad for, ja. Men lysare vart det i alle fall, og det var jo meininga, så eg kan vel ikkje klage så mykje. Må berre vente til det veks ut rett og slet... Jaja.

tirsdag, desember 26, 2006

Årskavalkade

Fleire har laga det. Her kjem min.

Januar.
Eit to månader lang lungebetennelse/sjukdomsperiode byrja å sleppe taket. Eg gleda meg til å fyll 17 år. Feira nyårshelga i Trøndelag med ein gjeng som var russen min. Ein særs skummel oppleving, men eg stifta mange gode bekjentskaper som eg set stor pris på i dag. Var i Oslo med klassen der vi til dømes var på Stortinget.

Februar.
Månaden eg endeleg var ferdig med å vere 16 år. Var på utfordringskonferanse i Oslo og rekruterte ein ny gut til Sygna, Magnus Mjelstad. Fekk ein visjon om kven eg skulle gifte meg med, men det slo rimeleg feil ut. Fekk bihulebetennelse. Hadde mitt lengste opphold på Kongshaug, tre dagar.

Mars.
Månaden då snøen endeleg forsvann og det vart vår. Var på korturnè med Immanuel til austlandet, noko som var kjempekjekt og kjempekoseleg. Fann ut at nasjonalromantikken var min yndlingsepoke i historia. Byrja min godtefriperiode som varte til mai. Då snakkar vi skikkeleg godtefri. Ikkje saft var lov ein gong.

April.
Kanskje den mest kjedelege månaden i året. Eg haddde min siste tyskprøve (takk og lov) og var på UKM i Bergen for å sjå på dei unge talenta. Høyrte særs mykje på Alien Diversity og trivdes godt med dette.

Mai.
Ein kritisk månad for karakterane mine. Eg kom opp i 2MX og dreit meg ut, noko som enno gjer at eg av og til får litt problem med å sove. Hadde det ultratravelt og måtte øve til 2MX- prøve på 17.mai. Velte å vere på Sygna ei langhelg då Sygna feira 25-års jubileet sitt. Brannalarmen gjekk då eg sto i dusjen og eg måtte gå ut i berre handduken. Deltok på ein konsert på Balejazz, noko som var utruleg kjekt. Byrja å bli skikkeleg god ven med Ragnhild Sofie, noko eg er sjeleglad for å dag.

Juni.
Det som hadde vore det mest travle skuleåret mitt nokon gong var over. Eg var ferdig med tysk og hadde noko som skulle bli ein heilt super sommarferie å sjå fram til. Fekk spørsmål om å kome på intervju til å vere deltakar på tv-norgeserien Feriekolonien, men måtte takke nei pga mange planar i juli. Fekk meg sommarjobb som resepsjonist, mista mobilen og fann att mobilen. Var leiar på sommartreff nokre dagar, noko som var heilt konge, og var i to bryllaup.

Juli.
Dette vart årets NLM- månad. Eg var først på GF og deretter på UL. På GF var eg med på eit møte, satt backstage med SUM og elles hang eg rundt med GF si songstjerne: Ragnhild Sofie. Var på Messiaskonsert med Kongshaug, noko som var heilt fantastisk. Fekk jobbtilbod som dirigent for skulekoret og takka ja til dette. UL, årets høgdepunkt, vart som forventa, om ikkje betre. Eg fekk oppfylt ein barndomsdraum: Å sitje i kasse. Song med KREKO på ein bibeltime. Rekruterte ein gut til Sygna, og møtte på nokre andre nye som skulle byrje. Var blitt ein kløppar 
på kabal etter lange dagar på jobb.

August.
Var i Oslo og byrja allereie då å lengte til Fjellhaug. Byrja på Sygna igjen og fann ut at eg ikkje hadde noko som helst inspirasjon til skulen. Vart redaktør for russeavisa og kom i gang med koret. Kunne sjå tilbake på ein fantastisk ferie. Hadde store problem med å få sove om natta og det enda opp med at eg sov to veker på golvet til Hege, noko som gjorde at vi vart veldig godt kjent. Gjorde veldig mykje artig før leksene kom for alvor, og var ein periode veldig flink til å gå i fjellet.

September.
Vinterens sjukdomsperiode byrja tidlegare enn planlagt og varte lenger ein planlagt. Fekk hausten sin første virusinfeksjon.Hektisk hektisk hektisk tid på skulen.

Oktober.
Var i Roma med klassen, ein fantastisk tur, og etterpå gjekk eg frå hus til hus i Oslo etter ein plass å sove i haustferien. Var til saman to veker på farta med sekk på ryggen. Virusinfeksjonen slo til igjen, og eg heime to veker i strekk, noko som gjekk hardt utover skulegangen. Russen arrangerte nattcup, ein stor suksess. Eg lærte meg Askepottsonge på tjekkisk utanboks.

November.
Byrja på skulen igjen etter sjukdomsperioden. Kom i gang med særemne, Vildanden, som vi etter mykje jobbing fekk framført, der vi enda opp med felleskarakteren 5/6. Hadde evig mykje å ta igjen på skulen, og uansett kor mykje eg jobba hadde eg like mykje å ta igjen. Sliten, veldig sliten. Hadde utruleg mykje glede i koret. Hadde besøk frå Tryggheim, bestemte destinasjon for korturnè (Bergen og Stavanger).

Desember.
Evig lei av skulen, kjøpte meg ny kjole som trøyst. Hadde 1000 tentamenar som eg dreit langt i. Var på herleg julefest på Sygna og var på herleg julekonsert i kyrkja. Song ein klassisk song med 5 andre etter masse øving, og koret hadde hatt ei kjempeutvikling. Overlykkeleg over ferie, bestemte meg for å slutte i fysikk, feira jul med familie, vart sjuk igjen.

Konklusjon etter året: NLM ER BRA!






mandag, desember 25, 2006

Vyrde vener! God jol!

Jepp, det var vel så nynorsk som det kunne blir. Julafta byrja med fjernsynsgloing, sulling, snopeting og venting. Etter kvart åt vi graut, og for fyrste gong fekk eg mandelen! Eller, faktisk fekk eg mandelen ein gong på ungdomsskulen, men då klarte eg å svelje den og det var ingen som trudde på meg.
For meg er eitt av høgdepunkta på julafta å gå i kyrkja. Eg tykkjer det er så fredeleg og trygt. Presten hadde som vanleg jule-rappen sin, der vi måtte sei juleevangeliet med rørsler. Alltid ein hit det der. Elles var det mykje bra song og mange kjente.
Julemiddagen var heilt utruleg god. Har ikkje ete pinnekjøt på om lag eit år no, og det var jammen meg verd ventinga. Heilt heilt fantastisk!
Pakkestunda var inga stor hending, for eg visste alt eg fekk (eg var med og kjøpte det), så den gjekk fort over.
Etterpå vart det ville tilstander hjå familien Bjørke, då eg foreslo at vi skulle leike ordleikar. Trur aldri vi har ledd så mykje i dette huser før. JA TIL TØRR HUMOR!!

På eitt av bileta ser vi sekundet etter at mamma presterte å slå meg hardt i hovdet. Det var ikkje med vilje. Eg sto berre på feil plass til feil tid. Mamma skulle nemleg få niesa mi til å byrje å le under ein fotosession. Ho klarte det, men kanskje ikkje med dei midla ho hadde tenkt..






lørdag, desember 23, 2006

Dagen før dagen

Lille julafta. Glede. Eller, det er i alle fall lille julafta. Julestemning har ikkje vore til stades på fleire år, men jul blir det vel uansett. Vi pynta juletre. Det var jo overkommeleg koseleg då.
I dag har eg berre låge i senga og sett på film i håp om å bli frisk. Kjøpte siste julegåva og masse smågodt som var på bilbod etter første filmen.
Elles håpar eg at eg finn ei strømpebukse eg kan bruke i morgon og at eg ikkje ser så alt for trøytt ut sidan vi sikkert skal ta mange bilete i løpet av dagen.

Så... God jul alle saman! Eller god Jesusfeiring, for det er jo det det eigentleg er. Forresten, det er ganske rart, for dette er gjerne tida på året der Jesus kjem lengst bak i bakleksa, og det burde vel eigentleg ikkje vere sånn.





onsdag, desember 20, 2006

Julekonsert og sjuk



Søndag deltok koret på julekonsert i Søle kyrkje her i Balestrand. Det var ei veldig koseleg stund i ei nyyyydeleg kyrkje! Vart heilt rørt der eg sto, for koret sang så bra :)
Og ja, eg har blitt sjuk! Eg har verdas verste immunforsvar, berre sånn at det er sagt, men det har kanskje folk forstått. Men no er det snart ferie og då har eg tid til å slappe av og bli frisk.
Eg likar å vere dirigent, korøving på onsdagane er eitt av høgdepunkta i veka. Det er herleg!





Sygnabertene extended version deltok òg!

mandag, desember 18, 2006

Julefest og flatt hår

Jepp, i helga var det julemiddag her. Åh, det var så herleg! Ny kjole, god middag, lærarrevy osb osb. Ja, det var ein bra kveld. Eg hadde sett opp håret, og då eg skulle ta det ut førte det til ein god latterkrampe mellom mange på internatet. Til å anbefale!
Forresten, no har vi hatt 52 dagar i strekk med regn, og i dag kom snøen. Endeleg! Då kjem kanskje julestemninga òg etter kvart...















Sjå elles Sygna sine heimesider:)

onsdag, desember 13, 2006

Skyggenes drue. Inn i vårt tørkehus...

Når ein har sunge ein song om att og om att byrjar nesten alltid teksteb å klusse seg til. Dette skjedde i natt då russen, tradisjonen tru, gjekk rundt til alle på Sygnaområdet, elevar og lærarar, og sang Luciasongen medan me delte ut lussekattar. Vi byrja med å avtale at vi skulle syngje fint, men den planen slo etter kvart litt feil. Eg gler meg til å dirigere russekoret :)



Så altså, mellom klokka 3 og klokka 4 sulla vi rundt og gjorde livet surt for elevane som ville sove og lærarane som var treige med å stå opp då vi ringte på. Men det var ein herleg time, og vi følte ekte russesamhald. I tillegg fekk vi ete så mange lussekattar vi ville, og det var jo kjekt :)



Tidlegare på kvelden hadde russen revymøte, der vi byrja å planlegge litt sketsjar osb. Nesten alle i russen møtte opp, og det var kjekt å møtes alle saman, for det skjer ikkje så alt for ofte. Ideane var gode, så eg har verkeleg tru på at dette blir ein bra revy! Sygnaruss 07 er heilt konge!

tirsdag, desember 12, 2006

3FY- tentamen: Ferdig

Jepp, den er ferdig og takk Gud for det. Eg sat ikkje så mange timar som eg burde, men dei timane eg sat der var laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaange. Alt i alt kunne eg vel ikkje så alt for mykje, og nokre av rekneoppgåvene fekk svaret "Ja" eller "Nei". Flotte greier, folkens!
Men no er eg ferdig og det i seg sjølv gjer at eg er så glad at eg drit litt i korleis det gjekk.

I dag skal russen har revymøte, og det gler eg meg utruleg mkje til! Vi skal site og plalegge sketsjar, med pizza, brus og chips attåt. Eg trur at ein DEL dårleg humor vil kome opp til overflata, men det er berre bra, for eg trur folk har godt av å le litt for tida. Det er så mykje alvor elles.

Jula nermar seg, og eg gler meg til å slappe av med TV og julesnop. Utan å ta heilt av med sukkerinntaket sjølvsagt. (Runar sit her og eg får så dømmande blikk av han når eg et snop.)

No går eg rett og slett og legg meg og søv fram til middag. Håpar alle har det bra!

søndag, desember 10, 2006

Overskrift: unødvendig

Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk Eg HATAR fysikk

Berre sånn viss du lurte...

fredag, desember 08, 2006

Profil: Sygnabertene

Ja, kva er Sygnabertene? Jo, det er ei songgruppe eg er med i på Sygna. Det var i grunn ikkje planlagt at vi skulle heite dette, men sånn vart det visst. Bagrunnen for namnet er slik: Eg og to av medlemma skulle syngje på eit møte, og så spurte Håvard ungdomsarbeidar kva han skulle skrive på plakaten. Eg sa ironisk "Sygnabertene", og etterpå har vi berre blitt heitande Sygnabertene. Det er ikkje lenge sidan vi vart utvida frå tre til fire medlemmar, noko som er veldig kjekt :) Så, kven består Sygnabertene av?

Sygnabertene består av:

Meg, sopran, oppdragstakar.


Karen Marit Meisingset. Ho er den einaste i gruppa som klarar å ta andrestemme på sparken. Alt i alt hadde ikkje alt gått like bra utan ho.


Eline Sagvik. Sygnaberta med finast særpreg på stemma. Ho blir ofte tvinga til å syngje solo på første vers, og det er ei utfordring ho ofte tar og alltid taklar bra.


Hege Johanne Pedersen, til venstre. Ho har den finaste altstemma og er ein rev på å lære nye songar fort. Veldig fort!

Og sist men IKKJE minst har vi vår kjære kjære pianist: Magnus Mjelstad aka Sygnabert/ Moses.


Vi utvidar stadig vårt repetoarie, men er vi i tvil om kva vi skal syngje kan vi alltid stole på jazzversjonen av "Dette lille lyset mitt", som på ein måte har blitt kjenningsmelodien til Sygnabertene og Sygnabert.

PS: Vi skal leggje ut på verdsturnè hausten 2007.


Og så tatt heilt ut av samanhengen, eit herleg bilete frå Roma. PS: Underbuksa var ny og ubruk.

torsdag, desember 07, 2006

3MX- tentamen: Ferdig!

Flotte greier, folkens, no er eg ferdig med ein av tre realfagstentamenar. Dette er herleg å vite. I dag reiste eg heim, for eg skal ha studiedag i morgon. Sidan eg har 3FY- tentamen fann eg ut at det kanskje ville vere greitt å øve litt, så det er det eg skal gjere denne helga.

Ein ting har matte og fysikk til felles: Ein kan høyre på musikk medan ein reknar. På den andre sida er det heilt umogleg å høyre på musikk når ein øver reiligion, i beste fall kan instrumental vere overkommeleg. Alt i alt er det ganske så kjekt å øve til fysikk og matte, spesielt no som eg har fått meg ny CD. Eg bestilte SUM sin første CD (til Hege sin store skrekk, for ho veit at eg vil spele den dag ut og dag inn til eg blir lei den, og ho er ikkje så glad i bedehusmusikk som meg). Den CD-en er verkeleg til å anbefale! Dei er dyktige, altså, herlighet.

No har eg nett ete taco, eller kylling i pitabrød. Det var veldig godt. Utruleg godt å vite at eg ikkje skal på skulen i morgon. Men faktisk, no for tida er eg berre så utruleg glad i Sygna! Eg trivst veldig veldig godt og har fått tilbake inspirasjonen på skulen. I alle fall delvis. I alle fall betre enn tidlegare i år. Det er så godt så godt, og kven skal eg takke dette for? Jo, det skal eg takke Gur for.



"For Gud gav ikke motløshet, men kraft og sindighet."

Dette er altså døra mi på Sygna. På andre sida har eg hengt opp noko eg er særs stolt over:

onsdag, desember 06, 2006

Sjuke tilstander på lesesalen

I morgon brakar det laus, i morgn er det tentamen i 3MX. Det er godt å vite at det snart er over, men det er òg ganske deprimerande å tenkje på at det er den enklaste av tentamenane eg skal ha før jul. 3FY og 3KJ ventar, og det er noko eg gruar meg grøn av. I helga skal eg heim og rekne fysikk med pappa. Håpar eg får noko ut av det, eg treng det!

Men sjuke tilstander, ja. Håkon, Runar, Ellen og meg har vel sitte her eit par dagar i strekk no og gjort matte. Ein liten augenblink vurderte vi om vi rett og slett berre skulle flytte inn (ja, det var mitt forslag men eg vart nedstemt). Vanlegvis før tentamen plar Runar syngje "grusomme Gabriel" frå Kaptein Sabeltann 100x antall gonger, men i år har han klart å kutte ned på det og konsentrere seg om jobbinga. Bra!

Forresten, humoren tar alvorleg skade av så mykje matte. Vi har rett og slett ikkje godt av dette. Skal ikkje gå nærare inn på det, for då virkar vi berre enno meir sjuk.

Eit par bilete til slutt. Ja, det er veldig ryddig rundt oss for vaskedama hadde nett vore der.








Runar er bekymra over at han byjar å bli spinkel. Matte gjer at ein får vrangforestillingar om seg sjølv.

mandag, desember 04, 2006

Protestvise

Protestvise er eit kjent omgrep her på Sygna, og her om dagen opplevde eg å få mi eiga. For ei tid sida skreiv eg eit innlegg på bloggen til søstra mi, Åshild. Eg sa at eg vart vonbroten over at ho forkasta til sogneidentiteten og skreiv bloggen sin på bokmål. Faktisk så gjekk denne språklege utskeiinga særs personleg inn på meg. Eg kan ikkje noko for det. Ho svarte innlegget med denne songen:

Mel: Når nettene blir lange

Ja, denne songen skriv eg
til veslesystera mi
som påpeikar at landsmålet
har gått meg hus forbi
(jf. kommentar på innlegg 2.des)
Ho undrast mang eingong
kvifor tok eg ei imot
den lærdomen frå Balestrand,
er eg ein idiot?!

Ref:
Astrid, mi Astrid
du slit i mindretal
men du har Aasen med på ditt
(og han kan vinne val...)
sjølv vil eg heidre
deg for ditt pågangsmot
for Noregs små (men sterke)
når du deler ut språk-bot

Nei, sant og visst; eg meistrar
å skrive "eg" og "dykk"
men kan ikkje benekte:
bokmål flyt så fint på trykk
Men ord som "røyndom", "hugleik"
er krydder i ein tekst,
så pass opp for dei english words,
you know, they're next!


Med hugleik, di syster


Eg er ikkje flink til å skrive song, så eg skal ikkje svare på same måten.
Men folkens, fungerar ikkje bloggen min bra sjølv om eg brukar ord som røynda og heileskaking? Åshild, du treng ikkje skrive hugleik, du kan skrive kjærleik. Når eg er inne på det, så vart ordet kjæreik i 2005 kåra til Noregs vakraste ord, og det av ein av dei store tabloidavisene. Bra eller kva? Men for all del, det skal jo ikkje vere lett å tore å stikke seg ut... Viss nokon skriv bokmål må jo alle gjere det, sant? Nei, gruppepress er slitsame greier. Identitet er oppskrytt hæ? Nei, vi må nok alle vere heilt like..

Debatten vil nok fortsette i juleferien heime i Isdalstø. Eg gler meg.
Vi sleng med eit engelsk uttrykk:
No affense, Åshild, du er søstra mi uansett :)


Og no, folkens, her kjem ein liten stemningrapport frå ein kjemitime. Vi brente eit salt som gav lilla flamme, og kalla det for adventssaltet. Jepp, nerdehumor er heilt konge. Altså, Runar, Astrid og Ellen i ein kjemitime.



Elles prøvde Runar å få Ellen til å drikke saltsyre..

lørdag, desember 02, 2006

Merkeleg fredag...

I går vart det omsider ENDELEG helg. Jobba i snitt 10 timar med særemne laurdag og søndag førre veke, så no trengte eg verkeleg eit avbrekk.
I går åt eg middag, og så baka eg og Hege bollar. Det var kjempekoseleg. Eller, i grunn kan eg vel ikkje skryte på meg at eg baka bollar, men eg såg i alle fall på når Hege gjorde det. Til trass for at dei fleste trudde vi hadde baka rundtstykker når dei såg resultatet, var bollane veldig gode og vi koste oss.
Etterpå gjorde eg og Håkon matte. Ja, vi gjorde matte på ein fredag!! Vi er flinke, vi. Forresten har eg gjort matte i dag òg, men eg likar matte, så det er nesten som avkopling.

Men i natt, det var det som gjorde at fredagen var rar. I går hadde eg gløymt å låse døra inn til rommet, så kl kl 03.30 kom det to folk inn på rommet mitt iført kjeledress og strømpebukse på hovudet. Den eine av dei slo av og på lyset kjempefort slik at eg ikkje skulle sjå kven det var, og den andre rista i meg medan eg låg i senga. Eg vart ikkje redd der og då, for eg var så trøytt, men då eg tenkte over det seinare i dag var det litt creepy. No har eg funne ut at det var to andreklassingar som skulle vere skumle, og dei gjekk rundt på alle internata. Synd for dei at ingen vart redde.. Alle var jo så trøytte.

No er det snart julegrantenning her oppe. Det blir koseleg. Seinare skal dei vise "Alene hjemme" på storskjerm anten ute eller inne. Veit ikkje om eg skal gjere det eller om eg skal gjere matte. Vi får sjå kva som skjer!