Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

tirsdag, november 28, 2006

Særeme og tentamen FERDIG!

Norsktentamen er ferdig og særemne er ferdig! Å, det er så ubeskirveleg godt. Kom nett ut frå tentamen. Litt vanskeleg å sei korleis det gjekk. Eg skulle skrive eit kåseri der eg drøfta påstanden: "Er ikkje den norske kulturen så ulik andre kulturar". Eller noko sånt. Overskrifta vart "Per Spelemann i Syden", og sjangeren vart ein blaning av tale, kåseri, eventyr og leserinnlegg. Ein herleg blanding med andre ord.

Men Vildanden ja. I går hadde vi framsyning for heile skulen og lærarane. Eg er ikkje sånn kjempeskuffa, men eg veit at det kunne gått betre. Trur vi klarte oss greitt, og det var veldig kjekt. Kjem i grunn til å sakne øvingane, for det var veldig morosamt. Vart betre kjent med mange eg elles ikkje har så mykje å gjere med, og det har vore kult. Kva karakter vi fekk veit eg ikkje, men eg håpar vi klarte ein 5-ar.

Viss ein ser godt etter ser ein at mange av gutane har fått roller som jenter og omvendt. Håkon var fortryllande vakker i kjole!








Trykk på linken under for fleire bilete:

søndag, november 26, 2006

Direkte inn frå øving

No er eg på øving, og no har eg fri i om lag 10 min. Dette blir berre ei lita stemningsrapport. Musikken vekslar mellom Westlife og klassisk. Håkon går i kjole, Ingrid går i dress. Artig :)
Framføring i morgon, eg luarar enno på om vi blir ferdig. Det blir rett og slett grådig spanande å sjå...

torsdag, november 23, 2006

Wild bird!

Kven kunne tru at Vildanden av Henrik Ibsen kunne bli så morosam? Vi har i alle fall hatt nokre morosame dagar på øvinga no. Måndag skal stykket framførast, og vi ligg faktisk betre ann enn vi hadde trudd at vi ville liggje. Det er så herleg! Ja, eg har eit tonn med andre ting eg burde gjort, men no har eg faktisk ei unnskyldning: Særemne. Det er lenge sidan eg har ledd så godt som eg har gjort på dei siste øvingane. Kvifor? Tja, kanskje fordi vi har kledd ein gut opp i kjole? Og så når folk verkeleg prøvar å spele "ut", så blir det så uvant at det berre blir morosamt. Når folk seier feil i replikkane kan setningane ende opp ganske så rare. Eg likar særemne!

I går var det første korøving på lenge, og det var heilt herleg. Det kom ikkje så mange, kanskje berre 1/3 av koret, pga mykje greier på skulen, men dei som faktisk var på øvinga gjorde det veldig bra. Vi byrja på ein ny song (og vart forsåvidt omtrent ferdig), og den heiter så mykje som "One step". Eg elskar den songen! Bra jobba, kor, you made my day.

No er det 3MX neste, så mange fritimar og så særemne. Ein herleg dag :)

søndag, november 19, 2006

Hyttetur

På laurdag reiste Eline, Magnus og meg på besøk til Helge og Arnfinn som byggjer hytter på Kvamsskogen. Kvelden gjekk med til kyllingfilet, American history X og ulike diskusjonar. Alt i alt endte det opp med at vi spelte Othello og kort til ca kl 05.00, og då var det ikkje til å unngå at ein DEL dårleg humor kom til overflata. Vi lo i grunn av det meste og eg trur vi hadde godt av å sove til kl 13 i dag. Othello er forresten heilt konge! Eg fall pladask for det spelet, det var så artig. Alt i alt ei heilt konge helg!
Eg lærte meg òg forresten å stokke kort, noko eg har hatt lyst til å kunne heile livet.







lørdag, november 18, 2006

Enda ein testing




Forresten, i går leste eit intervju i eit blad, og dei klarte på ein eller annan måte å få det til at det var Narvesen i Balestrand. Min reaksjon: HAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA. Som om det kjem til å skje...

fredag, november 17, 2006

Test test



... og det ser ut som om eg har fantastisk breie skuldre her eg sit. Herleg.

Mp3-spelar og kjole

Ja, eg kom heim i går, men i dag er første HEILE dagen heime. Dette har i grunn vore ein ganske god dag. Bestemte meg for å ha leksefri i dag, så eg har berre slaura. Sov til kl 1, åt frukost, såg ferdig Farenheit 9/11, sulla, reiste til byn og då eg kom heim var det tomt hus. Jepp, eg skal vere aleine heime heile helga! Herleg herleg. Eller, farmor er jo her då. Forresten, 9/11 var ein ganske sjuk film! Har aldri hatt noko særleg til overs for Bush, men dette tok kaka altså. Greitt nok at filmen var ganske einspora, men frå no av støttar eg utan tvil uttrykket "flush Bush". Punktum.

Godt å vite at eg har fleire dagar att av langhelga :) I morgon skal eg gjere lekser heile dagen, men det er likevel ferie!

I går kjøpte eg meg ny kjole. Eg er i grunn kjempefornøgd. I dag tidleg gjekk eg med den i mange timar for eg følte meg så fin. I tillegg hadde eg godt av å øve på å gå i høga hælar, det kan eg nemleg ikkje. For de som ikkje veit det frå før av, hadde eg ein solid tryning i garasjetrappa pga høge hælar. Men no byrjar eg å få dreisen på det!:) Men det eg skulle sei om kjolen var at Tone Damli Aaberge har kjøpt akkurat lik som min!! Ho altså, kjøper ALLTID like kjolar som meg. (Jada, litt ironisk, og mest sannsynleg var det eg som kjøpte den etter ho. Men vi må ikkje henge oss opp i bagatellar.)

Eit bilete av kjolehermaren:


Forresten har eg fått meg ny mp3-spelar! Eg reklamerte på den eg hadde før, men butikken klarte å rote den vekk, så eg eg fekk velje meg ein ny. Det var faktisk grådig mykje fram og tilbake før eg fekk den spelaren. Først var eg på Telebutikken Bystasjonen, så måtte eg gå bort på Galleriet fordi dei ikkje hadde fleire att av den eg ville ha, men så ville ikkje Galleriet gje meg noko, så eg måtte gå tilbake til bystasjonen, så vart dei sint på galleriet og sa at eg skulle gå bort på galleriet og då fekk dei fingen ut og gitt med den mp3-spelaren min. Butikkmennene på Galleriet hadde sikkert peiling på hår og kle, men dei hadde ikkje peiling på kundeservice og elektronikk. Dei på bystasjonen var derimot veldig hyggjelege, og han eine hadde veldig fin dialekt. Eg fekk i alle fall trent den dagen! Og ja, eg er veldig fornøgd med spelaren. Mykje spelar for lite pengar!

onsdag, november 15, 2006

Kvardagsliv og nedtelling til langhelg

No er det berre snakk om under ein time til eg skal heim til langhelg. Gler meg som ein hest :D Her om dagen drog eg senga ut til dobbelseng, og då trengte eg litt ekstra madrass slik at senga vart god å liggje i. Mange plar å skjære opp madrassane i to, men for å spare SYgna for ei madrsass tydde eg, Ingrid og Hege til MacGyver- teip :D Det funka heilt flott! Kan anbefalast altså.

mandag, november 13, 2006

Beat for beat

Mi oppleving av beat for beat, det var heilt konge! Litt lite førebudd på spelinga, men men. No har eg forresten kjemi. Vi får det ikkje heilt til. Eller, vi er i grunn ganske flinke på å søle og sånt..:)

Sygna og Tryggheim i skjønn foreining. NLM- folk held saman! Uansett, Sygna er best.




søndag, november 12, 2006

Sliten

Ja, kva skjer på Sygna? Jo, i helga hadde Magnus besøk frå Tryggheim, noko som var veldig kjekt. Tryggheim fostrar opp bra folk som er like glad i misjonssambandet og sangboka som eg er. Godt godt. På fredag reiste ein gjeng frå Sygna til ein bitteliten plass utanfor Førde der vi sang på ein basar. Det var koseleg. Eg likar basar. Eg vann til og med ein daim!
Laudag ommøblerte eg rommet, noko som tok lang tid og var veldig vanskeleg. Eg var stolt då eg fekk det til. Seinare på kvelden var det beat for beat, noko som var grådig kjekt. Etterpå sat vi ein gjeng og prata til det var stengetid, og etterpå sat eg og Hege på rommet mitt og åt sjokolade og spelte Super Mario til kl halv to. I dag måtte eg tidleg opp, var i kyrkja, sov litt til, åt middag, spelte kort, og no sit eg på lesesalen og skal gjere fysikk, noko som eg er VELDIG motivert til. Eventuelt ikkje... *skrik* Eg er så lei! Kvifor har eg SJU månadar på skulen igjen? Ja, eg veit det er fordi det er november. Eg har skule oppover øyrene.

Eg er sliten, eg er kjempesliten. Eg er lei av skulen, eg er lei av regn, eg er lei av mat, eg er lei av å vaske kle, eg er lei av å alltid ha noko eg må gjere, eg er lei av å ligge kjempelagt etter når det gjeld skulen, eg er lei av at det er lenge til sommarferie, eg er lei av at eg er lei.

Ja, i dag er det ein sånn dag då alt er negativt. Eller, koret sang veldig fint i kyrkja i dag, så det var jo bra, men utanom det er det meste i grunn negativt. I morgon er det fysikkprøve, på tirsdag er det historieprøve, men på onsdag er det langhelg. Det blir godt sjølv om eg berre skal gjere lekse. Har ein GOD del å ta igjen, ja.

Klage klage klage. Ja, det er så synd i meg og bla bla bla.

Men det er snart jul :)





Hege klarte å knuse vasken. Det var artig :D

fredag, november 10, 2006

Kople ut

Eg har funne ein måte å kople ut på. Eller, eigentleg så blir eg både anspent og får små adrenalinkick av å drive med dette, men det får meg til å tenkje på heilt andre ting enn skule og særemne og alt anna som kan vere stressande. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein faktisk blir avhengig av dette her. Forresten er det ikkje berre eg som har blitt avhengig. Vi er ein gjeng som sit og speler dette på kveldane.

Dette er G-E-N-I-A-L-T:





Supernintendoen fekk eg av fetteren min då han fekk nintendo 64 til jul. Eg skjønar IKKJE kvifor han hadde tenkt å kaste supernintendoen, og eg skjønar heller ikkje kva han skulle med nintendo 64. Det blir jo berre hyperforvirrande når det er 3-D-effekt og sånt. Nei, gje meg Super Mario og SuperNinteno! Spelet har forresten kjempekul musikk. Spesielt i Super Mario-spelet frå 1987 (det er eldre enn meg, hihi).

torsdag, november 09, 2006

CD- innspeling



Eg er ein stolt dirigent! Biletet er frå Nattcupen der eg lånte eit par englevingar. Biletet er tatt frå mi gode venninne, Stine Elise, sin blogg.

Guri meg, Sygnakoret har faktisk blitt ganske populært! I nabo"bygda" til Balestrand, Høyanger, er det ein mann som driv med å samle saman musikk frå heile Sogn og Fjordane til ein CD, og i går ringte han og ville ha med koret mitt. Det er jo ikkje koret mitt, men eg likar å kalle det det. Uansett, han drassa med seg utstyr opp til Sygna der vi tok opptak av "Jeg vil leve i lyset". Utruleg mange stile opp på innspelinga, og det vart overraskane bra! Koret er jo ikkje profft, men i forhold til korleis det var då vi byrja i haust var det veldig bra. Eg var veldig stolt over dei etterpå. Kor tid CD-en kjem ut veit eg ikkje, men eg skal i alle fall sikre meg eit eksemplar. Dette var artige greier, altså.

onsdag, november 08, 2006

Heimekveld!

I går var det heimekveld her i Balestrand. Då blir elevane bedt med heim til lærarane der vi får is og taco og kosar oss. Eg og 10 andre var så heldige å bli bedt med heim til ungdomsarbeidar Håvard Østhus og kona Anne. Det er utruleg kor godt det er å kome inn i ein heim! Vi åt sprengmasse (både taco og is) og så spelte vi vil du bli millionær og såg Grey's anatomi. Eg og tre andre jenter koste oss òg veldig med å sjå på brudebildet deiras. Det var heilt nydeleg! Alt i alt, ein herleg kveld :)



mandag, november 06, 2006

Første skuledag

Ja, då var vi på plass på skulebenken att etter to veker heime foran fjernsynet. Eg saknar i grunn litt det tilveret som berre besto av avslapping. No har eg 1000 prøvar, 5000 innleveringar og 3000 tonn med lekser. Koseleg! Men men, eg har bestemt meg for å ta ein dag av gangen. Kvar dag skal eg gjere det eg kan den dagen, og når eg då legg meg om kvelden skal eg tenkje at eg har gjort det eg kan og så får eg ta eit nytt tak i morgon. Funka i går i alle fall! Eg sov kjempegodt.

I dag i fysikktimen dreit eg meg litt ut. Alle lo av meg, til og med læraren. Men eg lo eg òg i grunn. Dette er kanskje ein av dei tinga som var morosamt der og då men ikkje etterpå. Uansett, eg tar det med. Vi snakka om kva jorda veg, massen til jorda. Og så kom denne kommentaren før eg fekk tenkt meg om: "Ja, men du Helge, e det rekna med det som er oppå jorda?" Eg tenkte som så at når vi byggjer så mykje og når folk blir overvektige og sånt, så måtte jo massen til jorda auke! Det eg ikkje tenkte på var at viss ein byggjer eit hus, så brukar ein jo materiale frå jorda, så massen vil altså vere den same. Flott flott.

Elles er det ikkje så mykje spanande som skjer. Eg har kjøpt meg ny sjampo. Ja, det var vel det. Eg skal lære meg kjempemange replikkar i løpet av dei neste 2 vekene, for eg skal spele Gregers i Vildanden. Trur det blir kjekt!

torsdag, november 02, 2006

Mine favorittar

Her er ei lita oversikt over ting eg likar veldig godt:












Ja, det øverste biletet er ei 3MX-bok. Eg kan ikkje noko for det, men eg likar matte veldig godt! Det fascinerar meg.

onsdag, november 01, 2006

Nesten brann!



Eg sat og irriterte meg over at eg var så kald på føtne, så eg bestemte meg for å gjere noko drastisk. Utan å tenkje meg om, reiv eg av meg sokkane og la dei på peisen (omnen) og gjekk ut på badet. Der fann eg fram hårfønaren og byjra å blåse på tærne. Det hjalp. Etterpå kjente eg ei ganske rar lukt, og då viste det seg at sokkane hadde byrja å smelte der dei låg på omnen. Var visst litt sånn plaststoff/elsastiske greier i sokkane, så det lukta rimeleg ekkelt. Mamma fekk litt småhetta, men det var jo ikkje så veldig dramatisk, så roen senka seg fort over Bjørkeheimen igjen.

I dag skulle eg kjøpe meg nye briller, for i fjor klarte eg å knuse dei gamle. Eg gjorde den klassiske tabben - eg sat meg på brillene mine. Butikken hadde eit ganske dårleg utval, men det gjorde ingen ting for heime fann eg nemleg pappa sine gamle briller! Treng jo ikkje nye då! Eller....?







The Beatles - When I´m 64. Go´song!