Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, oktober 25, 2006

Lei av reklame

Sidan eg no har vore sjuk, har eg for det meste hatt èin hobby (utanom alle ordleikande mine):
- Fjernsynssjåing

Eg er mildt sagt kjempelei av reklame. Spesielt desse:
- Tele 2
- Kavli ost
- Palmolive dusjsåpe
- Gjennvinning av metall og glas

Det var dei eg kom på no i farta, men det er fleire, det kan eg lova deg!

I dag har eg òg sett veldig mykje på fjernsyn. Eigentleg skulle eg opp att til Sygna, men eg måtte berre innsjå det faktum at eg ikkje er heilt frisk enno. Men i morgon, då bêr det nordover til Balestrand. Eg gler meg! I dag skulle eg eigentleg få lekser tilsendt i posten, men det kom ingen ting. Difor har eg igjen ein lang tv- og datakveld framfor meg. Nei, eg kan ikkje finne på noko nytt! Det hadde vore for gale...

Forresten, i går gjorde eg noko nytt. I går lagde eg vafflar, først og fremst til meg sjølv, men mamma åt ein god del. Pappa fann restane i dag og åt litt av dei, men det var i grunn greitt, for vafflar er berre godt same dagen ein har laga dei.

I går fekk pappa seg speilreflekskamera, og han var og er i ekstase. Teknologi er spanande, det er ikkje til å stikke under ein stol!

Berre sånn viss de lurte, så har eg hatt eit inntak av om lag 500kCal i dag, noko som er mykje mindre enn ein vanlegvis treng, men sidan eg berre sit i ro er eg ikkje så svolten og treng heller ikkje så mykje mat. Ja, dette var jammen meg interessant...

Nei, no har eg vel i grunn ikkje så mykje meir å skrive om. Jo, eg byrjar å kunne askepottsangen utanboks no. Ganske stolt av det!:)

PS: Trykk på overskifta til posten frå i går!

2 Comments:

  • At 12:37 a.m., Blogger Solveig said…

    herleg å lese bloggen din!
    Vippestol? Jo, eg lurar på om eg faktisk har byrja å snekkere på den! Men er veldig usikker på om den blir ferdig.. Er usikker på om det er den rette tresorten eg har bruka. Eller om det kanskje er mahogny eg er ute etter? Sukk. Ikkje lett, ikkje lett! Endar nok med vippestolen i taket på GF eg og. klems!

     
  • At 12:58 p.m., Blogger Øyvind said…

    Hei! Du har en spennende blogg sjøl!:D Konge med oppdateringa på livet ditt gitt...synd å se du e sjuk! Det suge! Så må du legge ut flere bilde! For eksempel når du ligge langflat i trappa etter å ha tryna, det hadde vært kjekt å se!

     

Legg inn en kommentar

<< Home