Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, august 30, 2006

Insomnia

I dag kjennest det ut som om eg har insomnia. Eg har jo ikkje insomnia, så eigentleg kan eg ikkje sei at eg veit korleis det kjennest ut, men det kan vere det er litt sånn som eg har det i dag. Ja, eg er kjempetrøytt. Eigentleg har ikkje nokon god grunn til å skulle vere så trøytt eg er. Eg la meg om lag 00.30, sto opp til frukost frå 8.15 til 8.30 og gjekk etterpå tilbake til rommet og sov til kl 10.00. Kvar onsdag har eg alltid fri dei to første timane, og eg plar sove til kl 10, men sidan eg gløymte å lage mat i går kveld måtte eg stå opp til frukost.

I det siste har eg gått så utruleg masse i søvne. Det har skjedd dei merkelegaste ting i det site. I natt vakna eg opp med ein heilt annan pysj enn den eg la meg med. For eit par år sidan var stordomstida mi når det gjeld klesbytting om natta, og eg trudde eg var over dette, men den gong ei. No er klesbyttinga tilbake igjen! Her om dagen fann eg ut at eg kunne trekkje ut senga slik at den vart om lag halvparten så brei som vanlege senger. Dette var jo både koseleg og kjekt, men sidan eg eg berre har vanlege mandrassar, ligg mandrassane litt som ein fartsdump, men det er ganske behageleg. Det som ikkje var så behagaleg var når eg vakna opp ei natt, for då hadde eg sette meg fast mellom madrassa og senge"ryggen". Eg låg der bom fast! Eg måtte vrikke meg laus nett som ein makk når den byrjar å tørke, viss du veit korleis det ser ut. (Elles fekk eg eit tips om å skrive om den gongen eg dansa balett i søvne, og den gongen eg vart dytta ut av senga av den elles så uskyldige Stine, meine Freundin. Og ikkje berre dytta ho meg ut, ho skreik i tillegg: "Gå planken og hopp i havet!". Dette var forreten den sommaren vi nesten vart lurt til å kjøpe ein ponni. Kanskje var det eit hint om at ho ville ha ponnien for seg sjølv? Ponnien heitte Argon.)

Her er ein definisjon på insomnia: (den står på det eksotiske språket engelsk, så viss du har problem med å forstå det skal eg heller prøve å oversetje.)

Insomnia is too little or poor-quality sleep caused by one or more of the following:
Trouble falling asleep
Waking up a lot during the night with trouble returning to sleep
Waking up too early in the morning
Having un-refreshing sleep (not feeling well rested), even after sleeping 7 to 8 hours at night
Insomnia can cause problems during the day, such as excessive sleepiness, fatigue, trouble thinking clearly or staying focused, or feeling depressed or irritable. It is not defined by the number of hours you sleep every night. Although the amount of sleep a person needs varies, most people need between 7 and 8 hours of sleep a night.

Elles kan eg meddele at eg hatar fysikk. H-A-T-A-R!!!

Det var eit eller anna viktig eg skulle skrive i bloggen, men no har eg gløymt det. It must be the insomnia!

Jo, eg har sitte no ei god stund og lest om veterinærstudiet. Det virkar grådig interessant! Det å skulle søke på studiet har alltid vore så fjernt for meg, men no er det absolutt ikkje så lenge til eg skal søkje, og det skremmar meg litt i grunn. Om eg skal søkje i år eller til neste år veit eg ikkje, men dei karakterane eg får i år vil uansett bli dei eg skal søkje med så eg må jobbe jobbe jobbe!

I stad bestilte eg ei bok med tips for kordirigentar om korleis ein kan gjere øvingane gøye og sånt. Første korøvnga er i dag. Eg gruar meg. Eg er spent. Hjelpe meg...