Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, juli 19, 2006

To dagar på rad

No har eg faktisk skrive blogg to dagar på rad, etter eg har skrive dette ferdig altså. Det må nesten vere ny rekord.
I dag var eg på jobb igjen etter å ha hatt fri ein dag. Dagen gjekk ganske fort eigentleg sjølv om eg dreiv med akkurat det same eg gjer kvar gong eg er på jobb. Nokon tykkjer det høyres kjedeleg ut å leggje papir i alfabetisk rekkjefølgje og etterpå leggje det i rett mappe, men eg tykkjer det er heilt greitt. Det er nesten litt avkopling, for ein sit berre og gjer den same rørsla heile tida, og då kan tankane berre flyte. I dag tenkte eg mykje på det faktum at eg skal leie Sygnakoret til neste år. Det blir utfordrande, spanande, skummelt meg òg kanskje litt morosamt. Eg har bestemt meg for èin song vi skal ha, og den er tatt frå Kongshaug sin musikal "Kva er då eit menneske". Eg tykkjer i alle fall at den er veldig fin (og ikkje så alt for vanskeleg), så vi får sjå korleis det blir.
Etter eg hadde vore på jobb reiste familien opp til tante og onkel på Seim og grilla. Det var ganske koseleg, men eg var der ikkje så lenge før eg reiste ned att. Eigentleg hadde eg tenkt å jogge eller noko sånt, men Stine ville heller sjå film og eg lot ho påverke meg. Trass alt, eg trente i går, så det er ikkje så gale. Kan heller ta det att i morgon. Ho skulle eigentleg ha kome ned for lenge sida, men det tar litt tid med Stine, sånn er det berre.
No går eg og spelar litt piano.

2 Comments:

  • At 5:46 p.m., Blogger Johanne Pauline said…

    kordan var øvingshelgen med kreko??

    om to dager e det UL!!!!! herlighet!

    eg e der på tirsdagskvelden eg, klar for ul! vi må treffes der og då :D

     
  • At 2:44 p.m., Blogger Per Inge Belt said…

    heihei..

    ikkje spør me korsen e havna på bloggen din..hehe.visste ikkje du va en sånn en nei;) kort fortalt: andreas ruud sin blogg --> link til ingar hauge sin --> videre til johanne sin blogg og der stod jo du og jo..en liten verden vi bur i..va innom askøy forum idagtidli ja, men da va d folketomt der.menmen no e d middagstid..avslappning e stikkordet framover no nokre daga.du får skrike ut viss du kjeda d..trur vi rekke istid2 viss vi springe;) kos d videre..

     

Legg inn en kommentar

<< Home