Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

onsdag, mars 29, 2006

Ferdig med mattetentamen!!

No er det gjort, no er det ferdig. Eg er heilt ferdig med min siste tentamen i 2MX. Det føles i grunn ganske bra! Eg trudde det skulle gå mykje dårlegare, men faktisk så gjekk det ganske bra og eg fekk til mykje meir enn eg trudde eg ville gjere. Det er så artig når eg får til oppgåver eg veit eg ikkje hadde klart dagen før. Takk Gud for det!

Akkurat no er eg berre så utruleg glad for at det gjekk så fint!
Men gjorde det eigentleg det...?
Det får tida vise. Kanskje blir det 4, kanskje blir det 5.
Eg er i alle fall fornøgd og det er det viktigaste.

Det var nesten eit lite dikt, det. Men litt poesi må ein vel få lov til å trykkje inn i ein kvardag fylt med matte og fysikk.

Eg kunne ønskje mattetentamen var på ein fredag, for då hadde eg ikkje berre vore ferdig med tentamen, men med heile veka. Desverre er det onsdag og eg skal på jobb, må levere inn fysikkrapportar og øve til gymprøve. Difor kan eg ikkje slappe av i dag som eg hadde tenkt å gjere. Synd. Ein annan grunn til at eg kunne ønskje det var fredag er fordi eg gler meg sånn til helga. Eg skal nemleg til Bergen på UKM + at det skal vere bad-taste-pary her på Sygna + ein ting anna som ikkje er så vesentleg i grunn.

Så... Takk for meg, mattetentamen! Det var kjekt så lenge det varte.

1 Comments:

  • At 10:45 p.m., Blogger Journey said…

    Weehaa!
    Eg søkte etter folk på blogger som var interresserte i nynorsk og der spratt du fram! Og du går til og med på Sygna! Heilt fantastisk!
    Har sjølv brukt dei aller beste åri av livet mitt i brattbakkane der. Sjølv om det no er ein del år sidan, er det ei tid eg allstøtt kjem attende til og tenkjer på med stor glede!

    Bruk tidi du har der, ho er med eitt burte og vekke i røyk!

    Hels våren i Balestrand frå meg og gjev Gabriel ein klem:)

     

Legg inn en kommentar

<< Home