NB!!! NY BLOGG!!! NY BLOGG!!!
Trykk på overskrifta eller gå inn på
http://astrrid.blogspot.com
Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!
Eg er dødssterk, eg er det! Eller kanskje ikkje. Uansett, i går var det test i benkpress i gymmen. Eigentleg skulle vi ha trent ganske mykje til denne testen. Eg har tatt benkprett to gonger: på styrketesten i fjor, og på styrketesten i år. Difor var det sikkert eit ganske artig syn for dei som såg meg ta benkpress, for stanga som eigentleg skal vere vassrett, hella litt mot loddrett. Uansett, testen gjekk betre enn forventa, den gjekk ikkje superbra, men betre enn forventa :)
I går var det nyårsaftan, og det var ein roleg og reflekterande kveld! Eg og venninna mi, Stine, skreiv lister over kva vi har utretta dette året og kva vi vil utrette i løpet av neste år (altså 2007). I tillegg til dette prøvde vi oss på yoga og laga musikkvideo til Aaron Carter og diverse songar frå Flashdance. Vi fekk rett og slett trent litt!