Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

mandag, januar 08, 2007

ZzZzZz.. Eldre.. ZzZzZz.. Historie..ZzZzZz

Direkte inne frå ein time i eldre historie her på Sygna. Kanskje ikkje det mest spanande som finst, men historie er visstnok veldig viktig. Men faktisk, uansett kva lærar eg har hatt (eg har hatt tre ulike) tykkjer eg at historie er heilt grusomt. Berre sånn at de er klar over det.

Forresten, eg klarte berre å ha godtefri i 5 dagar. Eg sprakk den 5. januar, høgst frivilleg. Eg kjøpte faktisk sjokolade sjølv, det var ingen som frista meg. Men men, eg treng snop, sånn er det berre. Det var ei god snopehelg, det er sikkert og visst.

I dag fekk eg meg ein jobb til utanom kordirigent. Eg har fått ein pitteliten jobb som barnehagetante. Dei som kjenner meg godt veit at eg ikkje er så alt for glad i ungar, og mange påstår at eg manglar morsinstinkt, men ein jobb er ein jobb. Pengar treng ein alltid. I tillegg til pengar er det varmt og godt i barnehagen, og eg kan ete så mange grove knekkebrød eg vil. Når eg først er inne på varme kan eg meddele av ovnane på internata er av, så det er bikkjekaldt på rommet. På grunn av dette set eg stor pris på den nye dyna eg fekk til jul. I morgon er frørste dag på jobb. Let the game begin!

2 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home