Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

lørdag, desember 30, 2006

Eg er hekta!

Ja, eg er hekta. Eg har blitt heilt avhengig, men no har vi komen til eit kritisk punkt for det er ikkje meir att. Det er oppbrukt alt saman. Ja, eg er ferdig med å sjå heile sesong 1 av Prisonbreak. Du tenkjer kanskje at "det har jo eg òg", men du gjorde det vel kanskje ikkje i løpet av to dagar? Det gjorde eg, og det er til å anbefalast. Det var i overkant av 16 fantastiske og spanande timar. No må eg berre vente på at sesong 2 skal kome ut på dvd så eg kan få tak i det. Eg har ein ganske liten dvd- samling men no som eg har Prisonbreak følar eg at den er rimeleg komplett.

Elles stripa eg håret i dag (eller mamma gjorde det), og eg vart mildt sagt kjempeblond. Vanlegvis har eg tenkt litt negativt når det gjeld det å farge håret kjempeblondt, men no har eg nesten gjort det same. Den einaste skilnaden er at eg ikkje farga alt håret kjempeblondt, og det er eg riiimeleg glad for, ja. Men lysare vart det i alle fall, og det var jo meininga, så eg kan vel ikkje klage så mykje. Må berre vente til det veks ut rett og slet... Jaja.

4 Comments:

  • At 12:46 a.m., Blogger Ingar T. Hauge said…

    Har ennå til gode å se Prison Break. Har ikke TV3, så interessen har heller aldri vært til stede.

    Godt nyttår!

     
  • At 12:37 p.m., Blogger Martha Berit said…

    Prison Break? He aldri sett de:p Men når du ser de på to daga, så må de vel vere bra.. hihi.. Godt nyttår i alle fall! Feir me måte;)

     
  • At 12:19 a.m., Blogger Ingalill said…

    prison break jah! d e HÆLT fantastisk, å ej ELSKA d..(evt. Wentworth Miller..heh) ..he sett til episode 13 i andre sesong! dødsspænnande!!!!

     
  • At 9:27 p.m., Anonymous Anonym said…

    Mee too xD
    Så hele 1 sesongen på 1 dag jeg xD
    Men det var dritt vær,, så det er vell en god unskylding.. Har sett den flere ganger og,, den er bare helt super,, Og Wentworth Miller er bare sååå hot xD

     

Legg inn en kommentar

<< Home