Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

tirsdag, oktober 31, 2006

Små barn, store gleder!



 
Det er mange ting eg tykkjer er kjekt. I dag fann eg ut enda ein ting som eg likar veldig godt: å fyre i peisen. Eg skulle berre nett bort ein tur til peisen for å lukke ei luke, men så enda det med opp med at eg sat der i 15-20 minutt. Peisen var rett og slett veldig fascinerande! Praktisk moro rett og slett. Huset vart jo varmt. Så der sat eg og eksperimenterte og koste meg som ein liten unge. Det var veldig koseleg faktisk, men så vart det så mykje trekk i peisen (evt omnen) at det slukna. Då fann eg heller fram eit teppe. Tepper er koselege, spesielt dei av mjuk ull. Vi har eit sånt teppe heime. Det er grått.

I dag skulle eg eigentleg berre vore heime og slappa av, men det klarte eg ikkje. Dagen endte opp med at eg og mamma gjekk bort i senteret og kjøpte julegåver til meg. Eg må sei at det er lenge sidan julafta har vore spanande, for eg er som oftast med og kjøper gåvene. Juletreet gøymer ikkje lenger nokre mysterier. Eg kan lese det som ei open bok. Fordelen er då at eg får akkurat det eg vil ha, og det er jo vel og bra. Den ordninga funkar i grunn heilt greitt for meg! Eg kjøpte meg superundertøy, softshelljakke og dundyne. Med andre ord: fornuftig!

Eg ser aldri på nydendene. Eg les aldri aviser. Eg har ikkje samfunnskunnskap. Eg er rett og slett aldri oppdatert på kva som skjer i verda. Alle minibankane kunne blitt stengt utan at eg hadde fått det med meg før eg sto i ein minibank. Dette burde vere urovekkjande, men eg har berre ikkje til å vere oppdatert. Det er ikkje ein av mine prioriteringar. Når eg blir 20 år skal eg byrje å følgje med. Det kan vere nyttårsforsett i 2009.



2 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home