Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

mandag, september 04, 2006

Tørr tekst?

Frå eit innlegg med ein haug bilete er vi no tilbake på jorda med eit innlegg utan bilete. Kvardagen kallar, det er måndag. Nett no skulle eg eigentleg hatt kjemi og lært om svake syrer, men kjemilæraren har fått influensa. Eg kan ikkje sei at eg sørgjer over dette, eg er faktisk veldig glad. Kjemi, for dei som ikkje har hatt det, er eit veldig tørt fag. Det har det i alle fall vore til no. Kanskje blir det betre ut over året? Det kan jo hende.

I dag er det litt yr og sol i schöne Balestrand. Eg hadde tenkt meg ein liten tur i fjeddli (fjellet), men det blir kanskje treningsrommet viss jorda er så blaut som eg trur den er. Nokon vil kanskje tenkje at eg burde gå sjølv om jorda var våt, at eg burde tole det, og det burde eg kanskje når eg tenkjer meg om. Jo, det blir nok ein liten tur i fjellet i dag.

I natt gjekk eg i søvne og drakk ein halv flaske med Farris Bris. Nokre medelevar har planar om å jekke meg fast til senga for å halde meg på plass. Eigentleg treng eg ikkje å bli jekka fast, for eg set meg jo fast i senga nesten kvar natt. Uansett har mamma bestilt legetime til fredag fordi det på ingen måte er normalt å gå i søvne etter at ein er 15 år. Grunnen til at eg går i søvne er fordi eg ikkje taklar overgangane mellom djup og lett svevn. Ok, eg skal innrømme at i det siste har blogginnlegga mine handla om at eg går i søvne, men det er noko som opptar meg for tida. Eg tykkjer det er ganske mystisk i grunn. Du lurar kanskje på kva legen kan hjelpe meg med, og då kan eg seia det at han sikkert kjem til å leggje opp leggje-seg-rutiner for meg. Spanande!

I helga var eg heime saman med Hege Johanne, mi gode gode romvenninne her på Sygna. Vi køyrte ned saman med Lars Magne som går i paralellklassen og som skulle til Jæren. Helga besto av eting (masse karbohydrat), soving, latterkrampe, leiting etter dataveske og generell avslapping. Ho køyrte opp igjen med Lars Magne, medan eg og Stine køyrte opp att med Magnus. Før vi køyrte fekk eg ein sovetablett av mamma, og eg vart heilt neddopa. Tru det eller ei, men eg sovna med augo opne! Magnus var livredd for at eg skulle gå i søvne ut av bilen, så det var visst best at eg hadde på meg sikringssele.

No skal eg snart ringje mi beste venninne, Johanne, frå Sygna sin telefon for å få akkordane på ein song vi skal ha i koret. Ops, koret er om to dagar. Eg må finne ut kva vi skal gjere då.

Men alt i alt, folkens, så funkar livet flott. Pappa lærte meg fysikk når eg var heime, så eg var i siget i timen i dag og svarte rett på det meste. Læraren var særs overraska for han trur nemleg ikkje at eg er så lur.

Det er raudbete til middag i dag :D Det gler eg meg til!

Eg og Hege er flink til å ha godtefri.

Det var det.

1 Comments:

  • At 5:25 p.m., Blogger Johanne Pauline said…

    Astrid! sorry at eg ikkje har kommentert bloggene dine på en stund. du skjønner, det har vært noe feil her..har ikkje komt inn på bloggen din. akkurat din, bare..merkelig! men no e eg her altså!

    du skal få de akkordene! vi kan ringes ;) aaltfor lenge siden no! vil må treffes!! korti kommer du til bergen neste gang? håret mitt e blitt så langt no! hihi

     

Legg inn en kommentar

<< Home