Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

lørdag, september 02, 2006

Bilete! Tjohei!



På denne fantastiske Mac-en min er det innebygd webkamera, noko som har vore utruleg underhaldande i det siste, så no i kveld bestemte eg meg for å leggje ut ein liten biletserie. Enjoy :D
Dette øverste bildet vart tatt av ein meir optimistisk leksepartner medan vi øvde fysikk. Eg var lettare nedtrykt og var ikkje akkurat i smilehumør. Biletet viser vel generelt kor glad eg er i fyrsikk...







Eg må få påpeike likskapen mellom biletet der eg har stor nase og Postmann Pat. Viss eg hadde sett sånn ut hadde eg passa perfekt inn i barne- tv! Der gjekk eg glipp av den karriera.. Jaja..

Elles kan eg nemne at eg her heime i helga saman med Hege Johanne. Pappa hjalp meg med fysikk i dag, så no er eg litt meir ajour på den fronten. Elles har det gått mykje i karbohydrat denne helga, for neste veke byrjar godtefri!
Når vi skulle kome oss heim kunne vi anten tatt båten eller så fekk vi tilbod om å sitje på med ein i klassen som skulle til Jæren. Mamma var veldig skeptisk til at vi skulle sitje på med ein så uerfaren sjåfør, men då smelte eg til med eit argument som gjekk mamma rett til hjartet. "Ja, men mamma, han e jo misjonærbarn!" Det vart viss biltur på oss i helga, og Lars Magne køyrte heilt eksemplarisk. Mamma ville til og med at han skulle vere her til neste dag, men han køyrte vidare.

Forresten, gratulerer til Magnus som sto på oppkøyringa! Vi feirar med eit bilete av den heldige, og meg.

2 Comments:

  • At 9:40 p.m., Blogger Ingar T. Hauge said…

    Er det så veldig lurt å stappe i seg med godteri før man skal kutte det? Vil ikke det bare øke suget når du må leve foruten?

     
  • At 10:56 p.m., Blogger Journey said…

    Kva er det med Sygna og biletemanipulasjon/fotofiksing?
    Me sat time etter time på dei noko enklare PCane våre for ti år sidan og fikla og foffla og resultati skal ein vera glad for at ingen finn på verdsveven...

     

Legg inn en kommentar

<< Home