Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

torsdag, august 31, 2006

Første korøving

I går hadde eg min debut som kordirigent, eller korleiar om du vil. Eg var mildt sagt pissnervøs før øvinga, men faktisk gjekk det utruleg bra! Folk høyrte etter, og vi fekk øvd inn ein heil song. Mange tenkjer kanskje at det var lite, men til å vere Sygnakoret er ein heil song ganske mykje. I ferien sat eg og skreiv ned nokre mål eg ville oppnå med koret, og eitt av dei var å ha så lite notar som mogleg. Songen dei lærte i går "Jeg vil leve i lyset" vart øvd inn utan tekst og utan notar, og det funka bra. Eg har ein teori om at viss ein lærer ting utanboks hugsar ein det betre, og det blir lettare å synge med hjarta. Høyrtes ikkje det bra ut?;)


Du lurar kanskje på kva det øverste biletet er for noko. Jo, det er eit nydeleg bilete frå festen vi russen lagde til førsteklassingane. Situasjonen er at dei som står på stolane skulle skrive ord med rumpa, og vi som sto nede skulle gjette kva dei skreiv. Til dei som er i tvil er det eg som står i hjørnet til venstre og får all blitzen på meg. Eg berre nemner at vi vann :)


Til dei som ikkje veit det er Immanuel det eigentlege namnet på Sygnakoret, og dette biletet her viser ein liten del av sopranen. Bra gjeng :)

I dag har eg hatt tre fritimar, eg er inne i den siste no. Fritimane har eg brukt på å sjå instruksjonsfilmar for direksjon. Eg har med andre ord sett på ein middels tjukk mann i ei alt for lita korkappe som veivar febrilsk med armane. Ei lita stund prøvde eg å dirigere med, men etter eg fann ut at eg såg litt dum ut her på datarommet slutta eg med det. Seinare i dag skal eg sikkert trene litt, gjere lekser og slappa av. Eg er litt sliten, eg søv jo så dårleg for tida.

1 Comments:

  • At 10:43 p.m., Blogger Ingar T. Hauge said…

    Kor er moro. Ta for øvrig en titt på min blog for rapport om første mannskorøving OG -opptreden.

     

Legg inn en kommentar

<< Home