Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

mandag, desember 04, 2006

Protestvise

Protestvise er eit kjent omgrep her på Sygna, og her om dagen opplevde eg å få mi eiga. For ei tid sida skreiv eg eit innlegg på bloggen til søstra mi, Åshild. Eg sa at eg vart vonbroten over at ho forkasta til sogneidentiteten og skreiv bloggen sin på bokmål. Faktisk så gjekk denne språklege utskeiinga særs personleg inn på meg. Eg kan ikkje noko for det. Ho svarte innlegget med denne songen:

Mel: Når nettene blir lange

Ja, denne songen skriv eg
til veslesystera mi
som påpeikar at landsmålet
har gått meg hus forbi
(jf. kommentar på innlegg 2.des)
Ho undrast mang eingong
kvifor tok eg ei imot
den lærdomen frå Balestrand,
er eg ein idiot?!

Ref:
Astrid, mi Astrid
du slit i mindretal
men du har Aasen med på ditt
(og han kan vinne val...)
sjølv vil eg heidre
deg for ditt pågangsmot
for Noregs små (men sterke)
når du deler ut språk-bot

Nei, sant og visst; eg meistrar
å skrive "eg" og "dykk"
men kan ikkje benekte:
bokmål flyt så fint på trykk
Men ord som "røyndom", "hugleik"
er krydder i ein tekst,
så pass opp for dei english words,
you know, they're next!


Med hugleik, di syster


Eg er ikkje flink til å skrive song, så eg skal ikkje svare på same måten.
Men folkens, fungerar ikkje bloggen min bra sjølv om eg brukar ord som røynda og heileskaking? Åshild, du treng ikkje skrive hugleik, du kan skrive kjærleik. Når eg er inne på det, så vart ordet kjæreik i 2005 kåra til Noregs vakraste ord, og det av ein av dei store tabloidavisene. Bra eller kva? Men for all del, det skal jo ikkje vere lett å tore å stikke seg ut... Viss nokon skriv bokmål må jo alle gjere det, sant? Nei, gruppepress er slitsame greier. Identitet er oppskrytt hæ? Nei, vi må nok alle vere heilt like..

Debatten vil nok fortsette i juleferien heime i Isdalstø. Eg gler meg.
Vi sleng med eit engelsk uttrykk:
No affense, Åshild, du er søstra mi uansett :)


Og no, folkens, her kjem ein liten stemningrapport frå ein kjemitime. Vi brente eit salt som gav lilla flamme, og kalla det for adventssaltet. Jepp, nerdehumor er heilt konge. Altså, Runar, Astrid og Ellen i ein kjemitime.



Elles prøvde Runar å få Ellen til å drikke saltsyre..

3 Comments:

  • At 8:27 p.m., Anonymous Anonym said…

    Du er herrrrlig;)

     
  • At 9:26 p.m., Anonymous Anonym said…

    Eg er ein liten raud elbil som talar nynorsk fordi det gir meg spenning i kvardagen, - slik får eg noko å gå på liksom. Kjemi er ikkje mitt felt for mitt ordtak er: "Når bensin går inn på tanken, må klimaet gå planken."

     
  • At 9:21 a.m., Blogger Astrid said…

    Folk talar ikkje nynorsk, dei talar dialekt og skriv nynorsk. Men for all del, viss ein har lyst til å tala nynorsk skal eg ikkje hindra dei :)

     

Legg inn en kommentar

<< Home