Mitt bidrag til verdsveven sitt mangfald

Eit veldig spanande og dramatisk liv har eg nok ikkje, men eg er av dei som set pris på dei små tinga i livet. Slik går no dagane!

torsdag, desember 07, 2006

3MX- tentamen: Ferdig!

Flotte greier, folkens, no er eg ferdig med ein av tre realfagstentamenar. Dette er herleg å vite. I dag reiste eg heim, for eg skal ha studiedag i morgon. Sidan eg har 3FY- tentamen fann eg ut at det kanskje ville vere greitt å øve litt, så det er det eg skal gjere denne helga.

Ein ting har matte og fysikk til felles: Ein kan høyre på musikk medan ein reknar. På den andre sida er det heilt umogleg å høyre på musikk når ein øver reiligion, i beste fall kan instrumental vere overkommeleg. Alt i alt er det ganske så kjekt å øve til fysikk og matte, spesielt no som eg har fått meg ny CD. Eg bestilte SUM sin første CD (til Hege sin store skrekk, for ho veit at eg vil spele den dag ut og dag inn til eg blir lei den, og ho er ikkje så glad i bedehusmusikk som meg). Den CD-en er verkeleg til å anbefale! Dei er dyktige, altså, herlighet.

No har eg nett ete taco, eller kylling i pitabrød. Det var veldig godt. Utruleg godt å vite at eg ikkje skal på skulen i morgon. Men faktisk, no for tida er eg berre så utruleg glad i Sygna! Eg trivst veldig veldig godt og har fått tilbake inspirasjonen på skulen. I alle fall delvis. I alle fall betre enn tidlegare i år. Det er så godt så godt, og kven skal eg takke dette for? Jo, det skal eg takke Gur for.



"For Gud gav ikke motløshet, men kraft og sindighet."

Dette er altså døra mi på Sygna. På andre sida har eg hengt opp noko eg er særs stolt over:

2 Comments:

  • At 8:56 a.m., Blogger Ingar T. Hauge said…

    Av en eller annen syk grunn savner jeg 3MX. Er jeg gal?

     
  • At 2:24 a.m., Blogger VARG said…

    Grattis med at du er ferdig med 3MX! Sikkert digg... Hadde 3FY-tentamen i dag. DIGG å være ferdig med det. Har desverre 3MX og 3KJ igjen :(

     

Legg inn en kommentar

<< Home